Diabetessjukepleiar
Drift- /teknisk divisjon/ Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen HF
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Diabetessjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Vi søker etter ein spesialsjukepleiar til eit 1 års vikariat ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM) grunna svangerskapspermisjon. Det er anledning for snarleg oppstart, og seinast innan utgangen av mai.
BHM har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling. Eining for Behandlingshjelpemiddel (BHM) er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ein felles eining - BHM. Eininga har 38 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våra pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjist-verksemd.
Arbeidsoppgåvene knytt til stillinga vil i hovudsak vere retta mot pasientar med diabetes. Vi treng deg som har kunnskap om og erfaring med avanserte insulinpumper og sensorbaserte blodsukkermålarar til diabetesbehandling. Du må vera fagleg sterk og evna å halda kunnskapen din oppdatert, i tråd med gjeldande avtaler og utviklinga på diabetesfagfeltet.
Arbeidet vårt krev gode datakunnskapar då vi arbeider på tvers av mange ulike datasystem og du må raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei systema som vi nyttar. Det er ein fordel om du har kjennskap til system som DIPS, Medusa og Microsoft 365 for å nemna nokon.
Seksjonen betener i tillegg pasientar innanfor fagområda respirasjon og ernæring/dialyse/smerte og dei tilsette må kunne arbeide på tvers av fagområda ved behov. Vi har fortløpande samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar i sjukehuset. Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeide innanfor eit spennande satningsområde!
Arbeidsoppgåver
- handtere pasientførespurnader via telefon og Helse Norge
- ivareta tett dialog med avdelingar/klinikkar i sjukehuset
- behandle tilvisingar og sette i verk tiltak i tråd med gjeldande avtalar
- gjennomføre poliklinisk opplæring/undervisning i ulike behandlingshjelpemiddel ved behov
- ivareta datasystema våre knytta til utlevering av utstyr og forbruksmateriell
- kvalitetssikre ein heilskapleg teneste frå oss
- arbeide i tråd med gjeldande avtalar, føresegn om medisinsk utstyr og anna relevant lovverk
Du må
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- ha vidareutanning innanfor angitt fagområde
- ha kunnskap om og erfaring med avanserte insulinpumper og sensorbaserte blodsukkermålarar til diabetesbehandling
- ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innenfor dei ulike systema som vi nyttar
- meistre norsk, både skriftleg og munnleg
- ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- ha erfaring med arbeid i DIPS
Personlege eigenskapar
- du er fagleg sterk og allsidig i kunnskapen din
- du har god vurderingsevne og er løysingsorientert
- du evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- du er mårettet, strukturert og konkret i arbeidet ditt
- du yter god service til alle våre interessentar
- du kan arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- du er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- fleksitid med kjernetid
- dagarbeid med fri i helgar
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- snarleg tiltreding
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Morild, Seksjonsleiar, 55977982Arbeidsstad
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5050750646
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Irene Morild
Seksjonsleiar
55977982
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21ecfdfe-fc79-4376-b183-ad502b34813d
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
50f71d7a332e45d28873032d9fbecda5
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Drift- /teknisk divisjon/ Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Sykepleier/vernepleier i Helsetjenesteteam
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester Bergenhus, Helsetjenesteteam
Sted
Bergen
Sykepleier til Årstad helsetjenesteteam - vikariat
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
Sted
Bergen