Logistikk- og transportmedarbeidar
SIMAS IKS
Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Logistikk- og transportmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Om stillinga
SIMAS søkjer logistikk- og transportmedarbeidar til hovudanlegget vårt i Festingdalen. Som logistikk- og transportmedarbeidar vil du i hovudsak jobbe på vekta og ta imot næringskundar. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet.
Arbeidsoppgåver
- Ta i mot kundar på vekta
- Ansvar for koordinering av avfall ut frå Festingdalen
- Registrere avfall
- Logistikk av transport til og frå miljøstasjonar
- Logistikk av kompost, bestillingar og utlevering
- Ansvar for kontroll, oversikt og koordinering av aktivitetar og dokumentasjon på det som blir levert over vekt. Mottakskontroll av avfall, avfall til deponi med basiskarakterisering og deklarering av avfall
- Levere fakturagrunnlag til økonomiavdelinga
- Sørge for god flyt på anlegget
Ynskjeleg utdanning/praksis
- Erfaring frå avfallsbransjen
- Relevant utdanning/kurs innan logistikk og transport
- Grunnleggjande IT-kunnskap
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
For stillinga søkjer me etter personar som
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
- Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet
- Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
- God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
- Kan ta eit ekstra tak når det trengs
Me kan tilby
- Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
- Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
- Fleksibilitet i arbeidstid
- Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP
Kontaktpersoner for stillingen
Vurderingar av kandidatar med innkalling til intervju vil skje fortløpande.
Om bedriften
SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder.
Sektor
Offentlig
Nettsted