Sjukepleiar på pleie- og omsorgssenteret
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med <<Leve hele livet>>-reforma og det som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på viktigheita av god ernæring og eit variert tilbod om fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Vi har 1 ØHD-plass. Vi har også lokal legevakt kveld/helg/natt.
Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget!
Sektor for helse og omsorg søker sjukepleiar i 100 % fast stilling til pleie- og omsorgssenteret (POS). Stillinga er i årsturnus dag/kveld, med langvakter kvar 6. helg, langvakt i veka som utgjer periodar med komprimert jobbing og langfriperiodar. Stillinga er ledig frå 01.12.2023.
Ynskjer du å jobbe som sjukepleiar i ein naturskjønn kommune med eit engasjert helsepersonell og ein inkluderande arbeidskultur? Då kan ei stilling som sjukepleiar i Fyresdal kommune vere akkurat det du leitar etter!
Vi søker ein engasjert sjukepleiar til å jobbe på Fyresdal pleie- og omsorgssenter, med ei rekke ulike oppgåver og arbeidsområde. Vi ynskjer å bygge eit sterkt og solid helsevesen som gjev god støtte og behandling til alle innbyggarane i kommunen. Som sjukepleiar i Fyresdal kommune vil du jobbe i eit inspirerande og mangfaldig miljø, og vil ha moglegheita til å jobbe tett med andre helsearbeidarar som delar din lidenskap for å gje pasientane best mogleg behandling. Du vil ha moglegheita til å delta i spennande prosjekt, både innanfor primærhelsetenesta og i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Du vil jobbe med pasientar med ei rekke ulike behov ved både avdeling for personar med demens, langtidsplassar, korttidsplassar og ein ØHD-plass, og må derfor kunne jobbe godt under press og kunne prioritere oppgåver på ein effektiv måte.
Som sjukepleiar i Fyresdal kommune vil du få konkurransedyktig lønn, gode arbeidsvilkår og moglegheita til å utvikle deg fagleg og personleg. Du vil også ha moglegheita til å nyte den vakre naturen og fritidsaktivitetane som Fyresdal kommune har å tilby. Vi ser fram til å høyre frå deg, og ynskjer deg velkomen til å søke på ein spennande sjukepleiarstilling i Fyresdal kommune!
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Stillinga som sjukepleiar på POS inneber:
- Sjukepleiefaglege oppgåver.
- Klinisk arbeid med pasientar, grunnleggande pleie og medisinsk oppfylging og behandling.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar.
- Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus.
- Multidose- og generell legemiddelhandtering.
- Assistere lege på legevakt ved behov.
Vi søker ein person som:
- Har fagleg dyktigheit.
- Gode kommunikasjonsevner.
- Er utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid.
- Likar utfordringar.
- Har brukar i fokus.
- Har stor arbeidskapasitet.
- Er ansvarsfull og stabil.
- Har gode digitale ferdigheiter.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Tilsettingsvilkår:
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
- Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
Vi tilbyr:
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- Løn etter avtale.
- 16 års ansiennitet.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
- Barnehage og skule lokalisert i sentrum.
Velkomen som søkar!
3. årssjukepleiarstudentar og sjukepleiarar med videreutdanning er også velkomne til å søke!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.
Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov.
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
Om bedriften
Kommunen sitt slagord er <<Gjer draumen levande>>, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2445894
- Sist endret
30. oktober 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
21cde8ce-7715-4bc5-b85c-6dc63fc66444