100% Vikariat miljøterapeut, Kleppevegen
Volda kommune, Bu- og habiliteringsteneste
Kleppevegen 1, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % Vikariat miljøterapeut, Kleppevegen
Oppstart
4. juli 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting, barnebustad og dagsenter for personar med utviklingshemning.
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og som vil vere med å utvikle tenesta vidare. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver / endre teneste stad i samsvar med seksjonen/ kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Tenesta har ledig 1 stk. 100% vikariat miljøterapeut stilling i samlokalisert bustad, Kleppevegen.
Arbeidsoppgåver
- Utføre målretta arbeid
- Delta i daglege aktivitetar med brukarane
- Yte tenester i henhald til gjeldande vedtak
- Samarbeide med pårørande og andre instansar
- Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
- Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere ein del av eit team med miljøterapeutar som jobbar i samansette helse- og omsorgsstenster
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse og sosialfag, fortrinnsvis vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Førarkort klasse B for manuell gir
- Kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
- Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med mennesker med psykisk utviklingshemning
- Vere engasjert, fleksibel og løsningsorientert
- Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk, sjølstendig og i team
- Evne til skriftelege og munnleg framstilling.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff.
- Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP.
- Utfordande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø.
- Tilgang på e-læringskurs frå Glup.
- Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre seksjonar
Kontaktinformasjon
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar, +47 95139364Arbeidsstad
Kleppevegen 16102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4992156529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.07.2025
Sluttdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Reidun Elisabeth Sandnes
Avdelingsleiar
+47 95139364
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21a8bb04-4c26-490a-b68c-947c1369188b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
24b318d49c8e433ab7a06e334f97d4f2