Fengselsførstebetjent - Operativ ledelse
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent - Operativ ledelse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Om Stillingen
Bergen fengsel søkjer operativ fengelsførstebetjent til ei fast stilling. Stillinga er underlagt tryggingsinspektøren til fengselet. Ein fengselsførstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføra dagleg arbeidsleiing, planlegging og organisering av arbeidet innan eit gitt arbeidsområde.
Som operativ leiar har du hovudansvar som leier ved større uønskte hendingar der rutinar etter beredskapsplanen blir utløyste.
Arbeidsoppgaver
- dagleg arbeidsleiing
- planleggje og organisere arbeidet innanfor arbeidsområdet
- hovudansvar som innsatsleiar ved større hendingar
- sakshandsaming, vedtak og føringer
- organisering av fremstillinger/transport
- planleggjing og styring av personalressursar på tider der tjenestekontoret ikkje er til stede
- oppfølgjing av personell i etterkant av hendingar.
- samhandling med eksterne samarbeidspartar
- personalansvar for delar av tilsettegruppa i fellestenesta
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring innanfor fagfeltet
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- kjennskap til lover, regler og forvaltningssamarbeid som er av betydning for kriminalomsorgen og den fengselsfaglege saksbehandling
- bachelor i straffegjennomføring
- erfaring fra leiing og organisering
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- resultatorientert
- god stressmeistringsevne
*Personleg egnethet vil bli vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
- ein arbeidsplass med umiddelbar nærleik til natur-og fritidsaktivitetar såvel som nærleik til sentrum, lokalt næringsliv, skule og barnehagar
- turnus
Stillinga vert løna i stillingskode 0265 fengselsførstebetjent 581 000 - 673 000 avhengig av kvalifikasjonar Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Om bedriften
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert her - https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling .
Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden.
Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga blir fått ved førespurnad til Roar Johannessen / roar.johannessen@kriminalomsorg.no
Søknad og CV blir send elektronisk via linken "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgja søknaden.
Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Sektor
Offentlig