Sekretær eller helsesekretær!
Merkantile tjenester Haugaland DPS Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær/ helsesekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Haugaland distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Helse Fonna, og vi har ansvaret for allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester i fleire kommunar. Vi søkjer no ein engasjert sekretær, på dagtid, til det administrative teamet vårt.
I denne stillinga vil du ha ei viktig rolle med administrative oppgåver. Vi legg vekt på eit triveleg arbeidsmiljø, allsidige oppgåver, og har eit spesielt fokus på service og samarbeid med andre tilsette. Målet vårt er å bistå publikum og kollegaer på best mogleg vis.
Er du interessert i å bli ein del av teamet vårt? Søk no for å bli den nye sekretæren vår ved Haugaland DPS!
Arbeidsoppgåver
- Sentralbordtjeneste
- Skrankearbeid
- Skriving og registrering i elektronisk pasientsystem DIPS
- Rapportering og kvalitetssikring
- Bestilling av rekvisita, pasientreiser og tolketjenester
- Oppfølging av henvisninger, timebestilling etc.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå sentralbord er ønskeleg
- Krav om gode datakunnskaper
- Erfaring med elektronisk pasientsystem DIPS Arena ønskeleg
- Krav om gode norskkunnskapar både skriflig og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarleg, fleksibel og løsningsorientert
- Omgjengeleg med godt humør, må kunna trivast i eit hektisk kontorfellesskap
- Serviceinnstilt og initiativrik
- Må kunna jobba både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande semje
- Medlemsskap i pensjonsordning KLP
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Linda Haug Rossebø, Konstituert leder merkantil, 40480444Arbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4693433151
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442157
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c12c8ec7fa9f40b998fe19e38ba27915