Spesialkonsulent fråvær og refusjonsbehandling
Organisasjonsavdelinga, HR og lønn
Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent Refusjon og fråvær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Organisasjonsavdelinga i Time Kommune, treng ein ny medarbeidar. Me ser etter deg som har interesse for fråværsfaget. Du skal vera ein viktig ressurs i avdelinga vår som består av HR og lønnsmedarbeidarar. Du vil ha ei nøkkelrolle med ansvar for rutiner rundt fråværs- og refusjonsarbeid. Du vil også ha eit stort fokus på leiaropplæring i fråversbehandling, permisjonar og refusjonsarbeid, samt oppfølging av tilsette som søker permisjon i forbindelse med foreldrepermisjonar.
Arbeidsoppgåver
- Fråvers- og refusjonsbehandling
- Svara på spørsmål om fråvers- og permisjonssaker m.m
- Bidra til stadig forbetring av rutinar
- Pådrivar for effektiv bruk av HRM systema
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan økonomi og administrasjon, rekneskap eller liknande. Relevant lengre erfaring kan erstatta utdanningskravet
- God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet fråver, erfaring fra kommunalt avtaleverk er ein fordel
- Erfaring med rettleiing, brukarstøtte og opplæring
- Det er krav om gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil verta vektlagt i tilsettingsprosessen
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og ønske om å bidra til å opprettholde eit positivt jobbfellesskap
- Må kunna arbeida sjølvstendig
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling
- Vera engasjert, løysingsorientert og kunna trekka slutningar
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Me tilbyr
- Gode tenestepensjons- og forsikringsordninger i KLP
- Lønn etter avtale
- Eit godt etablert arbeidsmiljø med god delekultur og godt samarbeid
- Fleksitidsordning
- Kontor 100 meter frå buss-/togstasjonen
Kontaktinformasjon
Odd Magne Amdahl, Organisasjonssjef, 908 72 661, odd.magne.amdahl@time.kommune.noArbeidsstad
Arne Garborgs veg 304344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4936154162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.03.2025
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2887527
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b0b19f03c38b4c419c6aceb1ace54640