Dagleg Leiar
Brimi Sæter
2685 Garmo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg Leiar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Dagleg Leiar
Ved Jotunheimen, der tradisjon, matkultur og fjellro møtes, ligg Brimi Sæter. Vi ser etter ein dagleg leiar som vil vera med å finjustere tannhjula våre og gjera oss til ein enda betre destinasjon.
Dagleg Leiar Brimi Sæter
Ved enden av Tessevatnet, med Jotunheimen som majestetisk bakteppe, ligg Brimi Sæter – ei levande seter og ei opplevingsperle for alle som set pris på gode og ekte opplevingar. Her driv vi gardsdrift med ost- og kjøtproduksjon, og vi foredlar det meste sjølve.
Vi brenn for lokal mat, formidling og ekte opplevingar - og inviterer folk til sæters for å oppleve noko av det mest genuine Noreg har å by på.
Brimi Sæter har dei siste 10 åra utvikla seg til ei solid bedrift og ein føretrekt destinasjon for mange.
No ser vi etter ein dagleg leiar som deler vårt engasjement – og som i lag med engasjerte eigarar vil bidra med å utvikle Brimi Sæter viare.
Som dagleg leiar får du ansvar for heilskapen – og å vera med og forme framtida vår. Du skal sikre økonomisk styring gjennom budsjett og kalkylar, ha personalansvar og sørgje for god rekruttering. Du skal planleggje og organisere produksjon, sesongdrift og arrangement. Noko involvering i marknadsarbeid og SoMe. HMS og IK-mat er og naturlege delar av rolla.
Stillinga rapporterer til styret. I høgsesong tel teamet om lag 25 medarbeidarar, medan 5–6 er faste gjennom året. Rolla er både operativ og strategisk, du må vere strukturert og oversiktleg, men også til stades. Vi trur at du er engasjert og god til å motivere og samle folk.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som har leiarerfaring med personalansvar, kanskje òg bakgrunn frå reiseliv eller opplevingsbasert verksemd.
- Strukturert og god på planleggjing og oppfølgjing
- Trygg i leiarrolla og tydeleg i kommunikasjon
- Engasjert, fleksibel og initiativrik
- Utadvent og oppteken av mat, tradisjon og gode gjesteopplevingar
- Forretningsforståelse
- God til å kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Eit dedikert og dyktig lag som saman skaper noko heilt spesielt
- Gode betingelsar, inkludert forsikring og pensjon
- Utviklingsmoglegheiter i ei solid og ambisiøs verksemd
- Ei meiningsfull leiarrolle i fantastiske omgjevnader
Praktisk informasjon:
Brimi Sæter ligg idyllisk til i Brimiland - ved enden av Tessevatnet, eit steinkast frå Jotunheimen nasjonalpark.
Oppstart snarast, eller etter avtale
Er du klar for utfordringa ?
Hvis du kjenner deg att i beskrivinga håpar vi du tek kontakt. Kanskje det er du som skal leie Brimi Sæter inn i neste kapittel! Send inn din søknad via lenke på sida. For spørsmål om stillinga, kontakt Knut Nyhagen på tlf. 918 84277
For meir informasjon om selskapet, sjå https://brimi-seter.no
Send søknad og CV via "Søk på stilling" knappen på denne siden.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat