Miljøarbeidar
Aktivitetstunet
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 90%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 13. november
Er du ein engasjert miljøarbeidar med ekte interesse for å styrke andre si meistring og utvikling? Har du erfaring frå habilitering, og trivst med ein aktiv og variert arbeidskvardag der kreativitet og musikk er ein del av jobben? Då ynskjer me at du søkjer stilling hos oss!
Aktivitetstunet har ledig ei 90% fast stilling som kan bli auka til 100%. Stillinga inneber lange vakter i bustad 3.kvar helg.
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for omfattande og langvarige tenester. Me har for tida 126 årsverk som yt heildøgnstenester til personar i 10 burettslag, samt dagtilbod. Me søkjer positive og fleksible medarbeidarar.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføra tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yta praktisk bistand til rettleiing i dei daglege gjeremåla, samt leggja til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde brukar.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande loverk.
- Bidra til utvikling av tilbodet i form av planlegging og utføring av nye aktivitetar.
- Stillinga rapportera til avdelingsleiar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse- og sosialfag. Søkjarar utan formell utdanning kan bli vurdert, der relevant erfaring/praksis og personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming vert sett på som ein styrke.
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 er ein fordel.
- Erfaring med forflytning og bruk av ulike hjelpemiddel tel positivt.
Kvalifikasjonskrav:
- Sertifikat kl. B. manuell gir.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Norskferdigheiter på nivå B2 i samsvar med nasjonal norskprøve for universitet- og høgskuleutdanna.
Etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er samarbeidsorientert, med gode relasjons- og kommunikasjonsevner.
- Du jobbar sjølvstendig og målretta, og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.
- Du tek initiativ, er kreativ og har god fysisk kapasitet.
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer utfordrande situasjonar og uforutsette hendingar med tryggleik og tilpassingsevne.
- Du trivst med varierte oppgåver, høg aktivitet og jobbar resultatorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Anna informasjon
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Vi gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvara med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Kontaktinformasjon
Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar, 948 10 927, Line.Skrede.Habbestad@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5031278364
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 13.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo!
Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida.
Kven er me?
Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet.
Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte.
Kva får du hos oss?
Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
207cc242-5fcd-4c2f-8a52-002a09f6d21b
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d3ac5aa91a94ade84059333f97f52c8
Lignende annonser
Miljøterapeut vernepleier
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Miljøterapeut på institusjon
Arbeidsgiver
Næromsorg AS
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Bømlo heimetenester
Sted
Bremnes