2 stillingar à 45% vikariat som badevakt
Ullensvang kommune Byggdrift
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 45%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. februar
Namn på verksemd: Ullensvang kommune Byggdrift
Arbeidsstad: Ullensvang kommune
Ullensvang kommune har seks innandørsbasseng; Odda, Jondal, Hauso, Kinsarvik, Skare og Røldal. Symjebassenga betyr mykje for helse og trivnad for innbyggjarane i kommunen. Alle bassenga er opne for offentleg bading nokre ettermiddagar i veka. Odda folkebad er ope alle dagar utanom søndagar.
For tida er fleire av våre tilsette i permisjon. Me søkjer derfor badevaktar til to vikariat i ca 45 % stilling frå medio februar til medio november. Arbeidet er stort sett på ettermiddagar og tredjekvar lørdag.
Dette er arbeid som kan passa for dei fleste som er trygge i vatn og som liker å omgåast folk, både unge og eldre. Høyrest dette ut som noko for deg, send inn ein søknad!
Arbeidsoppgåver
Som badevakt inngår oppgåver knytta til vertskap, tilsyn og tryggleik for våre badegjester.
I tillegg kjem billettsal, vaktrutiner og enkelt reinhald.
Krav til kompetanse
18 år
Symjedyktig og trygg i vatn
Godkjent livredningskurs
Personlege eigenskapar
Du må lika vertsrollen og kunna kommunisera godt og tydeleg med badegjestene
Du må tenkja tryggleik og vera observant
Du må vera ansvarleg og pliktoppfyllande
Me tilbyr
Livredningsopplæring
Lønn etter avtaleverket
Tilsett- og velferdsgoder i Ullensvang kommune
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2057cc22-b74d-4da9-b4ae-62781ce881d8
- Sist endret
23. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3587837_193919_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Brann og redning
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Odda barneskule
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda