Rettleiar
Nav Bjørnafjorden
Holtbrekka 7, 5200 Os
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved Nav Bjørnafjorden har vi ledig ei 100% stilling som rettleiar i avdeling arbeid og oppfølging. Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske i krevjande situasjonar. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønsker å bidra til at flest mogleg vert inkludert i arbeidsmarknaden? Trivst du i ein hektisk kvardag med varierte oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Bjørnafjorden er regionkontor i region Midthordland. Nav region Midthordland skal levere eit heilskapeleg og effektivt tenestetilbod med utgangspunkt i behovet til innbyggarane, og i samsvar med måla til kontoret og føringane og rammene som lovverket gir.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og rettleiing av personar som treng hjelp til å avklare moglegheiter for arbeid
- Bidra til og utarbeide plan med aktivitetar mot arbeid, og støtte opp under at dei blir gjennomført
- Kartlegge den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid
- Motivere arbeidssøkarar til arbeid
- Samhandle med kollegaer, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
- Saksbehandle og dokumentere i våre fagsystem etter gjeldande lovverk og retningslinjer
- Oppsøke og samarbeide med arbeidsgivarar for å gi fleire arbeidssøkarar moglegheiter i arbeidslivet
- Halde deg fagleg oppdatert på lovverk og arbeidsmarknaden
Nav er i stadig utvikling, arbeids- og ansvarsområdet kan derfor endre seg ved behov.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå, til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap eller juss. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Erfaring frå rettleiing av menneske i endringsprosessar
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
- Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy
- Interesse og forståelse for lov- og rammeverket i Nav
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har evne til å arbeide strukturert og målretta
- er trygg og som taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
- set deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og utfordringar
- er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- Tilsetting på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgivar, med lønsspenn frå kr 570 500 - 605 500 pr år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Ståle Haugland, Avdelingsleiar arbeid og oppfølging, 406 45 126Arbeidsstad
Holtbrekka 75200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4996101366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.08.2025
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
203cfa2a-fde6-4333-b59a-b6d8295648bc
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb6fc67bf451464f8caba966efb05f0f