Tømrer/betongarbeider
DAMFJELL AS
Skarpteigvegen 5, 6854 Kaupanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrer/betongarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. august
Damfjell AS er i vekst, og me ønskjer å få med fleire dyktige folk på laget.
Me ser etter deg som likar å ta ansvar, trivst med variert arbeid og ønskjer å vere med å bygge prosjekt du kan vere stolt av.
Hos oss får du jobbe i eit mindre firma med korte beslutningsvegar, godt arbeidsmiljø og stor påverknad på eigen arbeidskvardag.
Me har prosjekt hovudsakleg i Vestland, og det må reknast med noko reising.
Me tilbyr fleksible arbeidsordningar/innarbeidsordningar der det let seg kombinere med prosjekta våre.
Arbeidsoppgåver-
Tømrararbeid
-
Oppføring av bustader, hytter og mindre næringsbygg.
-
Reisverk, tak, kledning, innvendig tømrararbeid og rehabilitering.
-
Arbeid etter teikningar og beskrivingar.
-
Bidra til god kvalitet, sikkerheit og effektiv framdrift.
-
Betongarbeid
-
Forskaling, armering og støyping.
-
Plasstøypte konstruksjonar som murar, fundament, dekker og kantar.
-
Bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
-
Har erfaring som tømrar, betongarbeidar eller frå anleggsbransjen.
-
Har fagbrev (ein fordel, men ikkje eit krav).
-
Er sjølvstendig, tek ansvar og likar å finne gode løysingar.
Om bedriften
Damfjell AS er ein entreprenør med base i Kaupanger i Sogndal kommune. Me utfører varierte prosjekt innan betong-, tømrar-, grunn- og anleggsarbeid for offentlege byggherrar, næringskundar og private over heile Vestland. Me er ISO-sertifisert etter ISO 9001, ISO 14001 og ISO 45001, og legg stor vekt på kvalitet, HMS og godt handverk.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
20167307-3e02-41fe-9955-8ddf2e0db823
- Sist endret
26. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
468094783