Lege i spesialisering innan indremedisin
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan indremedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Vil du vere med på laget vårt?
Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig faste stillingar for lege i spesialisering innan indremedisin. Det er vidare mogeleg med spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske spesialitetane.
Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3 legar deler sekundærvakta. Avdelinga ønskjer gjerne å leggje tilrette for at ein av legane i spesialisering kan ha 20-40 % stilling ved Aure rehabiliteringssenter. Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar, og geriatri. Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi og akutt-og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Mogelegheit for forsking
- Undervisingsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Inger Stokke, Konst. seksjonsleiar, 71 12 00 00, Inger.Stokke@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4709817130
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440900
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a5336c28c1f4b9caf6b069a08fe48de