Avdelingssjukepleiarar x 2 i Hyllestad kommune
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Åfjordvegen 903, 6958 Sørbøvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Kvifor søkje hos oss?
-
Viktige og spennande oppgåver ventar for den rette kandidaten
-
Vi er i utvikling og ynskjer å skape kultur for kontinuerleg forbetring av tenestene til beste for brukarane
-
Du får jobbe saman med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
-
Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse ut frå kompetanseplan.
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har rimelege barnehageplassar, ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og fritids- og aktivitetstilbod for både store og små.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for den daglege drifta i avdelinga:
-
Leie avdelinga der ein sikrar at kjerneoppgåver, blant anna stell og pleie av pasientar, er i fokus
-
Sikre at tenestene vert utøvd i samsvar med lover, føresegner og retningslinjer
-
Vidareutvikle pasientnære praksisar som er økonomisk bærekraftige og fagleg forsvarlege
-
Leie og forvalte personalressursane og bidra til samhandling mellom institusjon, heimetenesta og helse
-
Gjennomføre internkontroll og sikre fagleg kvalitet på tenestene saman med fagleiar
-
Handtere avvik for å oppnå læring i organisasjonen
-
Følgje opp kompetanseplan og kontinuerleg opplæring i avdelinga
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Vi ser for oss at du har
norsk autorisasjon som sjukepleiar, og helst vidareutdanning og erfaring innan leiing. Det vil bli arbeid i avdeling 3. kvar helg. Det er ein fordel med god kjennskap til kvalitetskrav i omsorgstenestene og forståing for arbeidsgjevarrolla.
Vi brukar Visma HRM som lønssystem, WebSak+ som sakshandsamarsystem og Visma Enterprise og Framsikt til budsjett og rekneskap, og for omsorg CosDoc journalsystem og Tieto RS til turnusplanlegging og fråværsmodul.
Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, det krevst struktur, orden og kvalitet for å løyse oppgåvene best mogleg, samt god relasjonskompetanse. Elles gode kommunikasjonskunnskapar både skriftleg og munleg. Du må framlegge tilfredsstillande politiattest før tiltreding og ha førarkort kl. B.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos einingsleiar omsorg Unni Systaddal tlf. 481 79 160 eller fagleiar Hilde Håvåg tlf. 404 14 761.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår eller delta gjerne på kollegatrimen om tirsdagane.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
-
Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
-
Hyllestadinfo
-
Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
-
Sjå film om den fine kommunen vår!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hyllestad har ein sjukeheim, lokalisert på Sørbøvåg. Her ligg også basen for heimebaserte tenester og miljøtenester.
Sjukeheimen ligg nydelig til ved Åfjorden, og det er fine områder rundt for rekreasjon og tur.
Sjukeheimen har avdeling for demens, korttid- og langtidsopphald, vi har eigen fysioterapeut og ergoterapeut, samt dagsenter/aktivitetstilbod. Vi har eige kjøkken, som også leverer mat ut i bygda.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801888
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1fc9e2d7-d9b8-4361-a05c-791a83873728