Sjukepleiar, i inntil 100% vikariat
Gulen kommune
Søre Garden 28, 5970 Byrknesøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar, 100% vikariat (avd. Byrknes) frå 01.10.2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.10.2025 til 31.08.2026. Det kan verte moglegheit for forlenging av vikariatet, eventuelt fast tilsetjing. Ved fast tilsetjing ser ein kor behovet for sjukepleiar er størst i eininga. Moglegheit for turnus med langvakter kvar 4. helg (kortvakter i vekedagane). Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Vi tilbyr
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus. Vi har også, for tida, innført ekstra tillegg på helg. Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1fc7d998-f35d-463e-8793-d75b34b19ac1
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260946