Forskingssjef
Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Forskingssjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. januar
Om stillinga
Høgskulen i Volda ynskjer å auke forskingsaktiviteten og søker ein forskingssjef i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig og tilsetjing er snarast råd. Vi søker deg som kan ta ei strategisk rolle i å utvikle forsking og vår eksterne finansiering ved HVO saman med rektoratet og direktør, samtidig som du kan vere ein pådrivar og legge til rette for forskarane våre på dei vitskaplege avdelingane.
Kvalifikasjonar
Faglege kvalifikasjonarDu har doktorgrad eller tilsvarande innanfor relevant fagfelt og erfaring frå universitets- og høgskulesektoren. Du har god røynsle frå forskingsprosjekt, og fortrinnsvis røynsle frå å få inn midlar frå andre kjelder som stiftingar og det private næringsliv. Du må ha gode språklege formidlingsevner på norsk og engelsk. Det er ein fordel med erfaring frå Høgskulen i Volda.
Personlege kvalifikasjonarVi ser etter deg som er ein pådrivar med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter. Du må vere ein som kan motivere og inspirere forskarane våre. Du må ha evne til å sette deg inn i nye og ulike fagfelt og kunne rådgje andre samtidig som du har administrative oppgåver. Du må vere løysingsorientert og kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Arbeidsoppgåver
Forskingssjefen har ansvar for forskingsadministrasjonen og skal vere rådgivar for rektoratet og direktør i forskingsspørsmål. Ei sentral oppgåve vil vere mobilisering for å auke tal søknadar om forskingsmidlar og bidra til å auke forskingskulturen- og aktiviteten ved HVO.
Forskingssjefen har det overordna ansvaret for forskingsformidling og publisering, samt ansvar for forskingsetikk ved høgskulen. Forskingssjefen er sakshandsamar spørsmål om forsking, er sekretær for Forskingsutvalet, ansvarleg for tildeling av ulike støtteordningar og representerer HVO i ulike eksterne organ knytt til forsking.
Høgskulen i Volda har universitetsambisjonar og ønskjer å utvikle og styrke våre eksterne inntekter på forsking og oppdragsverksemd. Forskingssjefen vil vere med å bygge opp ei kraftfull og effektiv eining til å få inn nye oppdrag og finansiering av forsking frå kjelder nasjonalt og internasjonalt.
Forskingssjefen rapporterer til høgskuledirektør og stillinga medfører personalansvar. HVO har ambisjonar om at avdelinga skal vekse i strategiperioden, og personalansvaret som følger med oppgåva likeså. Dagleg arbeidsplass er ved Høgskulen i Volda.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Fellesadministrasjonen har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ. Stillinga er lønna mellom kr. kr. 890 000 - kr. 950 000,-. Ved særleg kvalifisert søkjar kan det vurderast høgare lønn.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysingar om stillinga kan få få ved å kontakte direktør Jan Olav Bårøy, e-post: jan.o.baaroy@hivolda.no, tlf.916 24 313
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1fb72ec3-653c-4ea9-ac31-98f33ced7440
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10317350