Brenn du for miljøterapi og rusbehandling?
TSB post Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
På TSB-posten ved Haugaland DPS møter du ei pasientgruppe med stort behov for tryggleik, relasjonar og struktur. Vi har sju behandlingsplassar og tilbyr både døgnbehandling og ettervern – og no ser vi etter deg som vil bli med oss i arbeidet.
Vi ser etter ein sjukepleiar som:- brenn for relasjonsarbeid og miljøterapi
- motiverer, støtter og heier fram mål og meistring
- vil vera med å gjera ein forskjell
Hos oss får du ein meiningsfull kvardag med målretta miljøterapi, fysisk aktivitet og tett samarbeid i eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, lege og psykologspesialist.
Turnusen inneber dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar fjerde helg med 12-timars vakter i helger, påske og sommar.
👉Lokkar dette? Søk no! Me garanterer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag!
Kva går jobben ut på?
- Målretta miljøterapi
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Fysisk aktivitet som del av behandlingstilbodet
- Tilrettelegge og delta i samtalar
- Pasientbehandling i tverrfaglege team
- Legemiddelhandtering og ansvarsvakt
- Samarbeid med både interne og eksterne aktørar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må vera sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Du må ha førarkort
- Gode norskkunnskapar.
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, må du dokumentere norskkunnskapar på minimum B2-nivå (t.d. Bergenstesten).
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er trygg, tydeleg og engasjert i møte med pasientgruppa
- har gode relasjonelle evner og trivst i team
- er sjølvstendig, raus og møter dagen med eit smil
- har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for di hos oss får du;
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse
- Gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som legg til rette for mangfald og inkludering.
Kontaktinformasjon
Eva Utseth Gangstø, Konst. funksjonsleiar, eva.utseth.gangsto@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4970082300
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943736
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0d58712485494ddc94fecb4573a2aa70