Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Herøy kommune, Eigedom
Sjukeheimsvegen 12, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
 - Reinhaldsoperatør/reinhaldar
 - Type ansettelse
 - Vikariat, deltid 50%
 - Arbeidstid
 - Turnus
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. november
Arbeidsoppgåver
- regelmessig reinhald
 - periodisk reinhald
 - hovedreingjering
 
Kvalifikasjonar
- fagbrev som reinhaldsoperatør eller erfaring innan reinhaldsfaget
 - må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy for mellom anna dokumentere utført arbeid
 - vere interessert i ny teknologi som til dømes bruk av robotar
 - ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
 - ha førarkort klasse B
 - må kunne jobbe på helg
 
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
- tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine og sikrar at dei blir utført på ein god måte
 - tilpassar seg behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
 - kommuniserer på ein god måte, både med leiar, kollegaer og dei som brukar bygga
 - er til å stole på og møter opp til avtalt tid
 - har vilje til å lære seg nye ting i jobben
 - bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
 
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
Vi tilbyr varierte arbeidsdagar i fleire avdelingar. Du må like endring i både arbeidsoppgåver og arbeidsstad.
- løn etter gjeldande tariffavtale
 - rettleiing og kurs innan ergonomi og arbeidsmetodar
 - godt arbeidsmiljø
 - pensjon- og forsikring gjennom KLP
 
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilsett etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ada Fjørtoft Kleppe, Reinhaldsleiar, +47 95726386Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 126092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5036101856
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 24.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Ada Fjørtoft Kleppe
Reinhaldsleiar
+47 95726386
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 1fa59c76-1d4b-4b2b-b88b-1b867f012722
- Sist endret
 3. november 2025
- Hentet fra
 talentech
- Referanse
 6769e56c9c574c6a842063f691eee2a0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Eigedom
Sted
Fosnavåg
Renholder (virksomhet /privat)
Arbeidsgiver
Rent & Pent Aure As
Sted
Aure, Møre og Romsdal
Arbeidsgiver
Hotell Ivar Aasen
Sted
Ørsta