Hopp til innhold

Seniorrådgjevar/prosjektleiar

Arbeidsgiver

Skyss

Sted

Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med. 

Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss.


Arbeidsoppgåver

Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid.

Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet. 

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi søker deg
  • med høgare relevant utdanning på masternivå – som kan vise til gode resultat i utdanning og arbeid
  • med erfaring innan prosjekt- /prosessleiing av komplekse prosjekt
  • med kompetanse og erfaring innan offentlege anskaffingar

Det er ein fordel om du kan vise til

  • sertifisering innan prosjektleiing
  • kontraktskompetanse 
  • juridisk kompetanse

Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid.

Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.

Hos oss i Skyss  er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!

Vi tilbyr:

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer som har brei og variert fagbakgrunn
  • Ein sosial og inkluderande arbeidsplass
  • Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Karl Inge Nygård, leiar, 93088971

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5020 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5151579946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Karl Inge Nygård

leiar

93088971

Om bedriften

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1f9c9ec6-fb07-452f-8824-3258d7d6b69f

Sist endret

7. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e459168996244d95857c352b5ba654d5

Lignende annonser

Laster lignende annonser