Vil du vere med og gjere ein forskjell for barn, unge, eldre og folkehelsa i Hjelmeland kommune?
Hjelmeland kommune Helse og omsorg
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
SLT- og folkehelsekoordinator 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. juni
Er du oppteken av helsefremjande og førebyggjande arbeid i lokalmiljøet, og ønskjer å arbeide med varierte oppgåver både på strategisk og operativt nivå?
Me har ledig 100% fast stilling som SLT- og folkehelsekoordinator, og søkjer etter deg som kan bidra til å vidareutvikle SLT- og folkehelsearbeidet i Hjelmeland kommune.
Me søkjer etter deg som er ein lagspelar, men og kan arbeide sjølvstendig. Du forstår verdien av å tenkja heilskapleg og å arbeida på tvers mellom avdelingar/ fagområde, deler aktivt på kunnskap, er fleksibel og positiv til endring.
Hjelmeland kommune har gjennom kommuneplanens samfunnsdel vedteke folkehelsearbeid som eit gjennomgåande perspektiv i alt vårt arbeid.
Stillinga vert ledig 01.09.2025. Tidspunkt for tiltreding kan diskuterast.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- koordinera tverrfagleg og tverrsektorielt førebyggjande og helsefremjande arbeid
- kartleggja helsetilstand i befokninga, analysere statistikk og utarbeide tiltak med tilhøyrande evaluering
- utarbeide og følgja opp handlingsplanar og rutinar innan SLT- og folkehelsearbeid
- forankring og informasjon internt og eksternt om kommunen sitt ansvar for folkehelsearbeid, jf. relevant lov og regelverk og Hjelmeland kommunes satsingar
- leia oversiktsarbeidet i kommunen jf. folkehelseloven, og delta i planarbeid og relevante saksområder for folkehelse
- samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid
- skrive politiske saker
- politisk sekretær barn og unges kommunestyre
- bidra til informasjons- og opplæringsarbeid innan relevante fagområde
- andre arbeidsoppgåver kan og bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar og vilkår
- minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- erfaring frå arbeid med folkehelsearbeid, SLT-arbeid, kommunalt planarbeid
- kjennskap til relevant lovverk
- god muntleg og skriftleg fremstillingsevne
- må kunne meistra norsk skriftleg og muntleg, minimum nivå B2
- erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
- evne til å arbeide både strategisk og operativt
- må ha førarkort klasse B
Me søkjer etter ein person som
- har evne til å tenkja heilskapleg og arbeide på tvers av fagområde og nivå
- har evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
- har gode relasjonsbyggande eigenskapar og evne til å fungera i team og nettverk
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er tilpassningsdyktig, løysingsorientert og fleksibel
- personleg kvalifikasjonar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2947146
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3504413_199701_nn