Me søkjer automasjonsingeniør
Hardingsmolt AS
Lysevegen 20, 5620 Tørvikbygd
Om jobben
Stillingstittel
Automasjonsingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegga våre? Me er på jakt etter ein kompetent og sjølvgåande person med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team. Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av til dømes:
-
utvikling, drift og vedlikehald av Hardingsmolt sine automasjonssystem
-
oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
-
deltaking i større arbeidsoperasjonar
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for teknologi og styresystem, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi.
Ynskte kvalifikasjonar-
teknisk fagskule eller høgare grad innan elektro/automasjon
-
erfaring med PLS, HMI og Scada løysingar
-
praktisk og relevant erfaring innen automasjon, produktutvikling og prosjektarbeid
-
gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
-
gjerne også kjennskap til IT-strukturering og VPN løysninger for fjerntilkobling
-
oppfølging av ekstern igangkøyring og systemovertakelse
Hos oss vert du del av eit dyktig tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.
Me kan tilby-
konkurransedyktige vilkår
-
for den rette kandidaten er det moglegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen
-
veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar
-
arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
Om bedriften
Hjå Hardingsmolt spelar me på lag med biologien, og laksen får naturlege veksttilhøve i økosystema me skapar for fiskane. For å få dette til må me beherske alle variablar som dannar eit stabilt grunnlag for vekst, og dei siste 10 åra har me gjort mykje nybrotsarbeid innan sikring av vannkjeldene våre. Stabil tilførsel av sjøvatn vore ein av nøkkelfaktorane. Me var dei fyrste i Noreg som tok i bruk nanofiltrering av sjøvatn i havbrukssektoren for bruk på land, og me har hatt lukka sjøanlegg i drift sidan 2019. For å lage dette miljøet i eit fiskeanlegg, som er like mykje prosessanlegg, krevst system og automasjon
Sektor
Privat
Nettsted