Opplæringsansvarleg sjukepleie
Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Opplæringsansvarleg sjukepleie
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere ein sentral aktør i å sikre at våre sjukepleiarar i Helse Møre og Romsdal HF, alltid er oppdatert på bruk av Helseplattformen?
Rolla som opplæringsansvarleg for sjukepleie er ein viktig posisjon underlagt seksjon for Klinisk IKT i avdeling for E-helse og teknologi. Denne stillinga har hovedansvaret for å ha oversikt over arbeidsflyter til sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, kliniske ernæringsfysiologar, audiografar, spesialsjukepleiarar og vernepleiarar, samt å koordinere og sikre nødvendig opplæring for disse yrkesgruppene.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og gjennomføre opplæring for sjukepleiarar og andre helsearbeidarar, som minimum éin gong per måned på kvart sjukehus
- Følge opp lokale instruktørar og superbrukarar på avdeling- og klinikknivå for å sikre at opplæringen blir tilpassa dei ulike behova i helseforetaket
- Bidra til at helsepersonell har den nødvendige kompetansen til å bruke Helseplattformen i sitt daglege arbeid
- Delta aktivt i kvalitetssikringen av fagleg innhold i opplæringsmateriell og kurs
- Ha ein kontinuerlig dialog med opplæringsansvarleg/superbrukerkoordinator i Klinisk IKT for å sikre oppdatering og vedlikehald av opplæringsmateriell og kurs
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse, fortrinnsvis sjukepleie
- Ønskeleg med erfaring frå opplæring og veiledning, helst innan helse-IT eller journalsystem
- Erfaring med å utvikle og tilpasse opplæringsmateriell
- Ønskeleg med bakgrunn frå arbeid spesifikt opp mot Helseplattformen. Eksempler: har vore fagekspert, superbrukar eller instruktør
- Pedagogiske evner og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Erfaring med koordinering og samarbeid på tvers av avdelinger
Personlege eigenskapar
- Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- Evne til å tilpasse opplæring etter ulike behov og nivå
- Gode samarbeidsevner og evne til å motivere og veilede andre
- Engasjement for fagleg kvalitet og kontinuerlig forbedring
- Løysningsorientert og fleksibel i ein dynamisk arbeidskvardag
- Relasjonsbyggjer
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid med dyktige kollegaer
- Eit inkluderande og innovativt arbeidsmiljø
- Moglegheit for å påvirke eigen arbeidskvardag og arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomster
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, Silje.Johanne.Farstad@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4893018492
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842568
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3fcfd890b267465ab5f7a4baad9d1517