Hopp til innhold

Sommarjobb Værnes garnison

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

7502 Stjørdal

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb Værnes garnison
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Forsvarsbygg søker etter 4 sommarvikarar til Værnes garnison. 

Vi søker deg som skal sjå til at vedlikehald utomhus blir tatt vare på ved garnisonens ansvarsområdet. Dette innebærer også ansvar for lokasjonar utenfor Værnes garnison. Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere klipping av gras, arbeid med ryddesag, luking og malararbeid.

Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august). Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.

Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg. 


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stell av bed og parkanlegg.
  • Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter seg som er:

  • Trivast ute og som jobbar sjøvstendig og effektivt
  • God til å samarbeide
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 18 år
  • Du må kunne autoriserast før oppstart
  • Du må ha førarkort kl. B
  • Det er ønskeleg at du har førarkort kl. BE
  • Det er ønskeleg at du har bakgrunn frå eller kjennskap til malerarbeid, gardsarbeid, gartnerarbeid el.

Vi tilbyr

Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Øyvind Melhus, Områdeleiar, 900 79 101

Arbeidsstad

7502 Stjørdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 5084563778
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Øyvind Melhus

Områdeleiar

900 79 101

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1ee32add-8c4c-43a6-8ac4-b809b67087e8

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

935f208b59464cdeb663657a872173de

Lignende annonser

Laster lignende annonser