Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?
Seniorrådgivar // Nav Bergen sentrum
Møllendalsveien 8, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgivar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen.
Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.
I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.
I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.
Hos oss får du arbeide både sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, arbeidsgivarar og samfunnet.
Kva går jobben ut på?
- Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen
- Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper
- Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar
- Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar
- Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser
- Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora
- Vere pådrivar for å utvikle og styrke arbeidsgivarsamarbeidet saman med Nav-kontora i regionen, kommunen, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar
- Samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer i avdelinga for å skape moglegheiter for Nav sine prioriterte målgrupper.
Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning
- Erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon, til dømes gjennom møte med arbeidsgivarar, nettverksarenaer eller jobbmesser
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod
Kva ser vi etter hos deg?
- Trivst med formidling og kunnskapsdeling
- Evne til å engasjere og byggje relasjonar
- Initiativrik og strukturert
- Arbeider godt både sjølvstendig og saman med andre
Kvifor velje oss?
- Moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 750 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Maj-Nan Tørrisplass, Avdelingsleder Arbeidsinkludering og kvalifisering, 982 64 835, maj-nan.torrisplass@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85020 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5153878877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Maj-Nan Tørrisplass
Avdelingsleder Arbeidsinkludering og kvalifisering
982 64 835
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1ec8bc9e-121f-49e7-b1bc-bd22a55f944f
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b31aa29bf84949c09b96669788f08d4e