Hopp til innhold

Fastlege

Arbeidsgiver

Helse og rehabilitering, Time kommune

Sted

Kirsten Brynes veg 7, 4344 Bryne

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Time kommune søker etter ein fastlege til nyoppretta heimel ved Sandtangen legesenter på Bryne.

Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 7 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.

Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.
Legekontoret er moderne utstyrt i flotte lokale. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.   
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i.

Time kommune søkjer lege som vil vera næringsdrivande. Oppstart etter avtale. Søkjarar kan verta kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Følgja opp pasienter på liste
  • Legevakt ca. 32 delt i Klepp (kveld/helg) og ca. 60 delt i Hå (natt)
  • Andre kommunale legeoppgåver i inntil 20 % stilling kan vera aktuelt
  • Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført LIS1-teneste
  • Norsk autorisasjon og refusjonsrett
  • Beherska norsk munnleg og skriftlig minst på nivå B2.
  • Krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Interessert i allmennmedisin
  • Strukturert og sjølvstendig
  • God på samhandling og samarbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • ALIS-tilskot under spesialiseringa
  • Grunntilskot for 800 pasientar
  • Etableringstilskot på 350 000
  • Rettleiing under spesialiseringa
  • Eit godt fagleg arbeidsmiljø
  • Kjekke kollegaer

Kontaktinformasjon

Torbjørn Mosdøl, Dagleg leiar ved Sandtangen legesenter, 91548524, tmosdol@hotmail.com
Øystein Fjetland Øgaard, Kommuneoverlege, 45662014, oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Lene Hammervold Olsen, Verksemdleiar helse og rehabilitering, 92284538, lene.hammervold.olsen@time.kommune.no

Arbeidsstad

Kirsten Brynes veg 7
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4768805336
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1eb2a1ed-8801-4884-b9d7-10355184f2ad

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cc59fbcd2e2c4344a9b1feab19c8e951

Lignende annonser

Laster lignende annonser