Er du på jakt etter ein spennande dagjobb i spesialisthelsetenesta i sommar?
Sjukepleiar - feirievikar Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - ferievikar
Oppstart
19. juni 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Medisinsk poliklinikk, dagbehandling er ein fleirfaglig poliklinikk som utfører spesialiserte helsetenester innan fagfelta gastroenterologi, kardiologi, lungesjukdommar, nefrologi, endokrinologi, hematologi og onkologi. Her er det både lege- og sjukepleiarspesialister som arbeider i team. Dei ulike fagfelta utfører utredning, behandling og oppfølging av dei ulike pasientgruppene.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjæv særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo
Arbeidsoppgåver
- Endoskopi
- Kardiologi
- Ulike infusjonsbehandlingar
- Medikamentadministrering
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ein fordel med erfaring fra poliklinisk arbeid
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og løysningsorientert
- Du trivest i eit hektisk arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgaver
- Eit unikt innblikk i spesialisthelsetenesta
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marita Våge, Funksjonsleiar, 90560325, marita.vage@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4635947284
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.06.2023
Sluttdato: 11.08.2023
Søknadsfrist: 10.04.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288930
- Hentet fra
talentech
- Referanse
424a5f12cd724d0fadedc87685469857