Hopp til innhold

Operasjonssjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceklinikk/ KSK operasjon Glasblokkene, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Operasjonssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket, med om lag 1100 årsverk. Våre tilsette har brei kunnskap og kompetanse innan fleire fagfelt, og KSK yter tenester til pasientgrupper ved dei fleste avdelingar og klinikkar i føretaket.

Vi har no ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar ved Operasjon Glasblokkene.

Om seksjonen: 
Operasjon Glasblokkene gir tenester til Kvinneklinikken innan gynekologi og obstetrikk, samt til kirurgisk klinikk og hovud- og halsklinikken. Glasblokkene opna hausten 2023 og tilbyr topp moderne lokale som gir ein unik arbeidsplass.

Seksjonen driftar dagleg elektive operasjonsstover, samtidig som vi har høg ØH-beredskap for kvinneklinikken, med eige team på kvar vakt. Vi er også ein del av robotkirurgiteamet og bemannar robot ved Kvinneklinikken fleire dagar i veka.


Arbeidsoppgåver

  • Operasjonssjukepleie i elektiv og akutt verksemd
  • Delta i ØH-beredskap
  • Bidra til fagleg utvikling og pasientsikkerheit
  • Samarbeid i tverrfaglege team

    Kvalifikasjonar

    • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie
    • Relevant erfaring er ein fordel
    • Gode samarbeidsevner og fagleg engasjement
    • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

    Personlege eigenskapar

    • Du er fagleg engasjert og har interesse for utvikling innan operasjonssjukepleie 
    • Du arbeider strukturert og beheld roen i hektiske situasjonar 
    • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø 
    • Du er fleksibel og tilpassar deg raskt endringar i arbeidskvardagen 
    • Du tar ansvar og arbeider sjølvstendig 
    • Du har fokus på kvalitet og pasientsikkerheit 

    Vi tilbyr

    • Ein spennande arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
    • Sterkt fokus på pasientsikkerheit og fagleg utvikling
    • Moderne fasilitetar i nye Glasblokkene
    • Aktiv vaktordning og tredelt turnus eller dagtidsstilling 37,5 utan vakter
    • Per i dag 12,25 timars vakter laurdag og søndag (etter avtale med tillitsvalde)

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marie Terkelsen, Seksjonsleiar, 90094364

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5114061081
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 01.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Marie Terkelsen

    Seksjonsleiar

    90094364

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1ea1d541-5c01-4392-aa5a-bd91063536c1

    Sist endret

    12. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    18a0a7bad06b4d82949d6ed31d5c7562

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser