Sommarjobben som gjev meining - vikarar i omsorgstenester
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Hyllestad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Omsorgstenestene i Hyllestad treng ferievikarar!
Vi ser etter vikarar til følgjande oppgåver:
- Pleiepersonale til sjukeheimen
- Pleiepersonale til heimtetenestene _ Reinhald/heimehjelp
I søknaden din må du opplyse om kva stilling du søkjer, kor mykje du kan jobbe og kva tidsrom som er aktuelt for deg, vi har trong for ferievikarar i vekene 25 - 32.
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100% og deltid 75-80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Hva vi ser etter
#sommarjobb #sommarjobbivest #sommerjobberivest
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt bistå ved måltid. Oppgåver vil variere alt etter kva stilling du søkjer. Arbeid etter den til ei kvar tid gjeldande turnusordning.
Kvalifikasjonar og eigenskapar-
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag - gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanningar.
-
Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort for bil.
-
Dei som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding.
-
Du må kunne arbeide både sjølvstendig, men òg saman med andre kollegaer.
-
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske
Vi tilbyr
-
Studentar som tek helse- og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning etter kommunen sin lønspolitiske plan.
-
Bonus kr 5.000 til vikarar som kan binde seg til planlagt turnus i 4 veker (80-100%). Vekene treng ikkje vere samanhengande, men behovet er styrande.
-
Bonus kr. 2.000 til studentar som er i utdanning som sjukepleiar, vernepleiar og lege.
-
Garantiløn for nytilsette sjukepleiarar/vernepleiarar jf kommunen sin lønspolitiske plan
-
Medlemsskap i Noregs beste pensjonsordning KLP
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Ein jobb som byr på spennande utfordringar
-
Moglegheit for vidare jobb etter sommaren, både fast, vikariat og tilkalling
Håpar vi ser DEG som søkjar! Tilsetting fortløpande, så ikkje vent med å søkje!
Om bedriften
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2884132
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1e5120fe-e1c7-495a-865f-d61a14308e1f