Hopp til innhold

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek og BUA Vang

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar ved Vang folkebibliotek og BUA Vang
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 86%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Vang folkebibliotek og BUA Vang søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i ca. 86% stilling. Det er tenkt ca 4-6 veker med arbeid ila sommaren 2026, frå slutten av juni til først i august. 
Både biblioteket og BUA ligg i Vang sentrum. Biblioteket består av hovudbiblioteket og to Bok i butikk (Tyinkrysset og Ryfoss), og er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen. BUA er mykje i bruk av dei som vil låne utstyr til sport, leik og friluftsliv.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere

  • på biblioteket: dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.
  • i BUA: drifte utstyrssentralen BUA Vang, som låner ut utstyr til sport, leik og friluftsliv. Arbeidsoppgåvene er å registrere utlån og innleveringar i vårt digitalt utlånssystem, rettleie lånarane til trygg bruk av utstyret, og sørge for nødvendig vedlikehald.

To kveldar i veka er det arbeidstid til 19.15.

Kvalifikasjonar

  • Fylt 18 år
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein medarbeidar som:

  • Er strukturert og ryddig
  • Har god kompetanse i bruk av digitale verktøy
  • Har erfaring og interesse for bibliotekarbeid, litteratur og formidling
  • Har praktisk sans og kjennskap til friluftsliv og turutstyr

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Grundig opplæring i bibliotekdrift
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor

Nærare opplysningar får du ved å kontakte biblioteksjef Marianne Riste

Kontaktinformasjon

Marianne Riste, Bibliotekssjef, 93249763, marianne.riste@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5080906810
Stillingsprosent: 86%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 25.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Riste

Bibliotekssjef

93249763

marianne.riste@vang.kommune.no

Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1e4776cb-a519-4ac1-be11-59c174a440f9

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a2066928896f435cac977818380fdf9c

Lignende annonser