Hopp til innhold

Fagleiar rekneskap

Arbeidsgiver

Sentraladministrasjon Fjord kommune

Sted

Olavsgata 10, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Fagleiar rekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Med bakgrunn i interne rokeringar i økonomiavdelinga søkjer Fjord kommune etter ein dyktig og engasjert medarbeidar. Vi søkjer deg som har relevant utdanning og erfaring innan rekneskap, budsjett og analyse. Om du i tillegg er glad i å arbeide med tal og har lyst til å vere med på digitaliseringa av økonomifunksjon i Fjord kommune, er dette ei stilling du bør vurdere å søkje på.

Som tilsett vil du føre rekneskap etter gjeldande regelverk. Du vil ha ansvar for rutinebeskrivingar og dokumentasjon og vil bidra med å planlegge og gjennomføre rekneskapsføring, periodeavsluttingar og årsrekneskap. Saman med økonomisjef har du ei viktig rolle ved budsjettarbeid, arbeidsflyt og økonomisk oppfølging ute hos einingane.

Kommunen brukar Visma Enterprise som sitt økonomisystem og du vil bli vår nye superbrukar på Visma Enterprise og HRM systema.

Økonomikontoret er i dag organisert med ein økonomisjef, økonomikonsulent, økonomi- og lønnskonsulent og lønnskonsulent. Avdelinga arbeidar tett med personalavdelinga og er lokalisert på Rådhuset i Valldal. Kommunen har nynorsk som målform.

Snarleg oppstart i stillinga er ønskeleg og/eller etter avtale

Alle søkjarar vil verte kontakta etter at søknadsfristen er ute og aktuelle kandidtar vert kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver


  • Fagansvar for føring av kommunerekneskapen
  • Ansvar for oppfølging av regelverk og rutinebeskrivingar innan rekneskapsområdet
  • Ansvar for å utvikle og implementere digitale og automatiserte løysingar innan rekneskapsområdt
  • Bidra til å profesjonalisere rekneskapsfunksjon ved å utarbeide gode prosessbeskrivingar.
  • Bidra til opplæring av brukarar i organisasjonen.
  • Ansvar for Periodeavslutning, årsavslutning og kvalitetssikring av rekneskapen
  • Støtte økonomisjef i saker for administrativ og politisk handsaming.
  • Kontaktpunkt for kommunerevisjon
  • Støtte- og gje råd til leiarane i Fjord kommune.

Kvalifikasjonar

  1. Høgskule-utdanning (bachelor eller høgare) innafor rekneskap og økonomi. 
  2. Realkompetanse innafor fagfeltet kan erstatte formell kompetanse
  3. Erfaring frå kommunalt rekneskap er ønskeleg
  4. God systemkompetanse (visma, MS- produkter osb.)
  5. God språkleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet
  • Arbeider strukturert og effektivt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Digital kompetanse
  • Arbeide praktisk og vere løysingsorientert.
  • Personlege egenskaper vert vektlagt

Vi tilbyr

Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver, der vi ønskar å legge til rette for ei fagleg utvikling. Du vil kome til ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode kollegaer. 

Fjord kommune har gode pensjonsordningar gjennom KLP. Tilsetting vil skje etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. 

Lønn i samsvar med kompetanse og praksis.

    Kontaktinformasjon

    Dag Olav Tennfjord, Økonomisjef, 97175730

    Arbeidsstad

    Olavsgata 10
    6210 VALLDAL

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Sentraladministrasjon Fjord kommune

    Referansenr.: 5133910227
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 10.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Dag Olav Tennfjord

    Økonomisjef

    97175730

    Om bedriften

    Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

    Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

    Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1e11a64e-76f6-49f5-aff4-b56f610fc74c

    Sist endret

    28. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    e21d486ed8c4478a9db8f92ee7ebaab9

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser