Hopp til innhold

Vi søker personell til Sommarcamp ved Haukeland universitetssjukehus 

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
personell til Sommarcamp
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Bemanningssenter i Helse Bergen søker pålitelege og engasjerande medarbeidarar til Sommercamp på Haukeland sjukehus i perioden frå veke 27 tom veke 31.

Sommarcampen er eit fritidstilbod for tilsette i føretaket som har barn i alderen 6–12 år. Sommarcampen byr på varierte aktivitetar med fokus på leik, turar og sosialt fellesskap – alt tilrettelagt for å gi barna en fin, aktiv og trygg sommeroppleving.

Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet og samhandling med tilsette og barn. Det er krav om særs gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.

Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30


Aktivitetar på campen

Det blir felles samlingspunkt der vi legg vekt på relasjonsbygging og vennskap mellom barna

I tillegg blir det eit variert program med fysisk aktivitet, leik og kreativ underhaldning tilpassa dei ulike aldersgruppene:

• Turar og friluftsaktivitetar
• Bading
• Fotball og kanonball
• Bordtennis
• VR og gaming
• Klatring
• Fri leik

Kvalifikasjonar

  • Du må Særs gode norskkunnskapar
  • God kunnskap om hygiene

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Meistre varierte arbeidsoppgåver
  • Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Vise initiativ og ha evne til å sjå kva som må gjerast
  • Like å treffe nye kollegaer, barn og foreldre
  • Helse til fysisk krevande arbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer
  • God opplæring
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5104409814
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Cathrine Fauske Haferkamp

Seksjonsleiar

cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1df5b6fe-c8cb-44eb-92de-1ade5113b011

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7c2d4b20d8a548caad302718553050a2

Lignende annonser

Laster lignende annonser