Biblioteksjef
Samnanger kommune
Bjørkheim 28, 5652 Årland
Om jobben
- Stillingstittel
- Biblioteksjef
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Om stillinga
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og initiativrik biblioteksjef som ønskjer å vidareutvikle eit bibliotek med høgt aktivitetsnivå.
Biblioteket i Samnanger er i stadig utvikling, med alt frå møteverksemd og arrangement til varierte aktivitetar, formidling og tradisjonelt utlån. Me treng ein kreativ, imøtekomande og positiv biblioteksjef som har orden og kan balansera ulike oppgåver samstundes.
Me har ledig 80 % fast stilling som biblioteksjef frå mai 2026
(det kan vera moglegheiter for auke i stillingsprosent på sikt)
Om arbeidsplassen
Biblioteket ligg i handelssentrum – omgitt av park, torg, treningspark, badevik og eit spanande varehandelstilbod. Dette gjer biblioteket til ein naturleg møteplass for innbyggjarane, og biblioteket har ein viktig funksjon i lokalsamfunnet. I 2023 var Samnanger folkebibliotek eit av fem nominerte til Årets bibliotek 2023.
I biblioteklokala held også frivilligsentralen og frisklivsentralen til. Denne samlokaliseringa skapar eit nært og godt samarbeid mellom tenestene, og gjer unike moglegheiter for felles prosjekt og heilskaplege tilbod til publikum.
Du blir ein del av sektor for økonomi og administrasjon, eining for kultur som også omfattar kulturkontor, kulturskule, frisklivsentral og frivilligsentral.
Bli betre kjent med oss på Samnangerbibliotek.no og Samnanger folkebibliotek på Facebook.
Arbeidsoppgåver
Biblioteksjefen skal:
- Vidareutvikle biblioteket som ein lavterskel møteplass og ein synleg kulturaktør i lokalsamfunnet
- Bidra til tverrfagleg samarbeid både internt og med frivillige og eksterne aktørar
- Sikre at bibliotekverksemda følgjer gjeldande lover, reglar og nasjonale føringar for bibliotek
- Styre etter vedtatt detaljbudsjett for tenesta, medan overordna økonomi- og personalansvar ligg til einingsleiar
Drift av biblioteket inneber mellom anna:
- samlingsutvikling og katalogisering
- utlån av bøker og møterom
- arrangement, formidling og publikumsretta arbeid
- digitalisering og promotering av biblioteket sine tenester
- prosjektarbeid m.m.
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknas.
Kvalifikasjonar
Krav- Bachelor- eller høgare grad med minst 120 studiepoeng i bibliotekspesifikke fag, eller bachelor- eller høgare grad med minst 60 studiepoeng i bibliotekspesifikk påbygging eller tilsvarande utdanning
- Svært gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Gode IT-kunnskapar og digitale ferdigheiter
- Arbeidserfaring frå drift av bibliotek
- Arbeidserfaring frå økonomi- og budsjettarbeid
- Kjennskap til utlånssystem
- Erfaring med formidling og arrangement
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Brenn for biblioteket sin plass i samfunnet
- Arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid
- Er blid, positiv og imøtekomande
- Vektlegg god service til brukarar, og møter deira ønskjer på ein god og tydeleg måte
- Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
- Har gode planleggingsevner, ordenssans, og får ting gjort
- Er fleksibel og løysningsorintert
- Er pålitleg, ansvarsbevisst og stabil
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø
- Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
- Ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Kultureininga i Samnanger består av kulturkontor, bibliotek, kulturskule, friskliv- og frivilligsentral, samt folkehelsekoordinator, og du finn oss på kommunehuset på Tysse og biblioteket på Bjørkheim.
Eininga består av 12 engasjerte tilsette som alle arbeidar for inspirerande kulturtilbod og god folkehelse for innbyggjarane i kommunen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1df10ccb-cf75-4200-a7c6-d21f6bb6f0bd
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274374
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen
Universitetsbibliotekar/førstebibliotekar i teknisk-naturvitskaplege fag (vikariat, 60%)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Kultursjef i Austevoll Kommune
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø