Kommuneoverlege 20% stilling
Kvinnherad kommune Helse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 20%
Antall stillinger
1
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Kvinnherad kommune lyser ut 20% stilling som assisterande kommuneoverlege. Stillinga ligger i eining Helse som har ansvar for fastlegetenesta, offentlege oppgåver, samfunsmedisinske oppgåver og legevakt. Stillinga er knytt til dei samfunnsmedisinske legeoppgåvene. Stillinga er også avløysar for kommuneoverlegen.
Kvinnherad kommune har fleire ledige legestillingar og det er moglegheit å lage ei kombinasjonsstilling av dei ulike tenestene.
Arbeidsoppgåver:
Kommuneoverlegane varetek samfunnsmedisinske oppgåver ut frå Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, Lov om folkehelsearbeid, Helsepersonellova Psykisk helsevernslova mfl. Dette inneber i hovudsak medisinsk fagleg rådgiving til ulike einingar og tenester i kommunen, folkehelsearbeid, bistand i smittevernarbeid og setjeanbefaling m.m. Det er innført samfunnsmedisinsk beredskapsvakt utanom arbeidstida. Deltaking i denne vaktordninga inngår i stillinga. Oppgåvene blir fordelte mellom legane.
Kvalifikasjonar:
· Spesialist i samfunnsmedisin er ynskjeleg, men andre spesialitetar blir også vurdert
· For søkjarar til samfunnsmedisinsk utdanningsstilling krevst det autorisasjon som lege og fullført LIS1
· Fordel med kjennskap til kommunal forvaltning og kommunehelsetenesta
· Gode språkferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
· Du er samfunnsengasjert, positiv og har god evne til å samarbeida med andre
· Du arbeider sjølvstendig og tek initiativ
· Du trivst med utviklingsoppgåver og innovasjon
· Du er systematisk, fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
· For søkjarar utan spesialitet vil stillinga bli tilrettelagd for spesialistutdanning i samfunnsmedisin, og oppretta rettleiar
· Moglegheit for full stilling
· Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
· Høy grad av sjølvstendig arbeid
· Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
· Eit godt arbeidsmiljø
· Fleksibel arbeidstid
· Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar
· Løn etter avtale
Kvinnherad kommune har også eiga legevakt og det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid viss det er ynskjeleg, men det er ikkje pålagt.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Søknadsfrist: 14.10.2023
Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.n
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2444621
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3236553_226021_nn