Seniorrådgjevar organisasjonsutvikling
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar organisasjonsutvikling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. juni
Høgskulen på Vestlandet har ledig ei 100% fast stilling som seniorrådgjevar innan organisasjonsutvikling
Om stillinga:HVL førebur seg på å bli Universitetet på Vestlandet, med ein sterk kultur for samarbeid, nyskaping og med god endringskompetanse. Det krev at vi arbeider kontinuerleg med å utvikle organisasjonen og å bygge leiarskap. Vi søkjer difor ein fagleg sterk rådgjevar til utviklings- og endringsprosessar.
Hovudarbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må rekne med noko reiseverksemd mellom våre 5 campus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga vil blant anna vere:- Grundige analysar av organisasjonskultur, arbeidsprosessar og organisering
- Fagleg rådgjeving om utvikling av ein brukarretta organisasjon som stør opp under HVL si kjerneverksemd
- Ta ansvar for kunnskapsbasert forming av konkrete tiltak innan organisasjons- og leiarutvikling
- Ta særleg ansvar for å formidle og bruke kunnskap om digital teknologi som sentral drivar i endringsprosessar
- Representere HVL i eksterne HR-faglege fora
Kvalifikasjonskrav:
Formelle kvalifikasjonar:- Relevant høgare utdanning, minimum mastergrad innan relevant fagområde
- Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsleiing eller strategisk HR
- Meir enn 5 års relevant erfaring knytt til ansvarsfeltet
- God forståing for digitalisering som endringsdrivar og bruk av digitale verktøy
- God og dokumentert metodekunnskap
- Analytisk og heilskapsorientert
- Initiativrik, fleksibel og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Sjølvstendig, men arbeider godt i team
- God skriftleg og munnleg - på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Avdelingsleiar Wiggo Hustad, Tlf: 97198787, E-post: Wiggo.Hustad@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.
Sektor
Offentlig
Nettsted