Ullensvang kommune søker trainee: Økonomi
Visere
Hafstadvegen, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Er du nyutdanna og klar for å bruke økonomifaget i praksis? Som trainee i Ullensvang kommune får du ansvar, oppfølging og ein kvardag med korte avstandar til både kulturliv, kafear, fjord og fjell.
No ser vi etter deg som vil vere med å bidra til ei viktig samfunnsoppgåve i kommunen vår. Som ein tidlegare trainee seier: - Om du vil utrette ein forskjell må du kome til ein mindre plass, det er her stemma di betyr noko.
Dette vil du jobbe med:
Finans
Eigedomsskatt
Kraft
Rekneskap
Budsjett og prognosearbeid
Andre relevante oppgåver innan fagområdet
Traineestillinga er i økonomiavdelinga i Sentraladministrasjonen i Ullensvang kommune, som i dag har 11 tilsette. Når du startar i jobben har vi flytta inn i heilt nytt og moderne kontorfellesskap på rådhuset i Odda.
Kvifor jobbe hos oss?
Her får du raskt ansvar, men vil ikkje stå åleine. Du vil samarbeide tett både med nære kollegaer og andre avdelingar for å sikre ein god økonomifunksjon for kommunen. Innan faget vårt blir vi aldri ferdig utlærte, så vi er opptekne av regelmessig kursing og fagleg påfyll for å halde oss oppdaterte.
Her får du altså:
Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
Eit sterkt og godt fag- og arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Leve ditt beste liv i Noregs friluftshovudstad!
Kven er du?
Du har høgare utdanning innanfor økonomi, finans, rekneskap/revisjon eller juridiske fag. Du ønskjer å utvikle deg og bruke faget til å drive fram endringar. Og du har eit engasjement og ønskje om å bidra i den viktige samfunnsoppgåva som økonomifunksjonen i ein kommune er.
Kvifor Ullensvang?
Ikkje for å skryte, men vi kan ikkje la vere: I Ullensvang er vegen til verdas vakraste naturopplevingar kort, uansett om du vil gå i høgfjellet eller slappe av ved fjorden. Turisme, siderproduksjon og industri blomstrar, og til deg som likar det litt meir urbane kan vi skilte med at vi har vår eigen Michelinkokk i Odda og badstue i Sørfjorden!
Så, kva seier du? Skal du bli med på laget vårt i Ullensvang kommune?
Søk no, og start karriera di på beste vis!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.”
Om bedriften
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d96f3c2-b7a2-426a-9075-aefee3bcb187
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
teamtailor
- Referanse
teamtailor-6929795-1755478
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Visere
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland