Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100% fast stilling - langvakter om ynskjeleg

Arbeidsgiver

Geiranger distrikt, Stranda kommune

Sted

Maråkvegen 36, 6216 Geiranger

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - turnus med langvakter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus. 
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. 

Geiranger omsorgssenter har ledig fast 100% stilling som sjukepleiar frå 01.06.2026

Kvifor velge oss:
  • Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. Det blir lagt til rette for langvakter dersom det er ynskjeleg
  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette 
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • God fastløn
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar
  • Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane
  • Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
  • Betjene legevaktssatelitt
  • Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å tilsetje helsefagarbeidar eller pleieassistent midlertidig  

Personlege eigenskapar

  • Fagfokusert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Trygg og Omsorgsfull
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Positiv og løysingsorientert
  • Likar utfordringar

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar. 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Maråkvegen 36
6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5105564786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Jelle

Einingsleiar

+47 46411183

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d67821e-5a1c-4340-b4b1-c16e1997a6b1

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d018ee1db7814915a8c6bef6f445cc64

Lignende annonser

Laster lignende annonser