Årsvikariat som lærar i friluftsliv på naturbruk
STE - Avd. Naturbruk og påbygg, Vestland fylkeskommune
Fanavegen 249, 5244 Fana, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Årsvikariat som lærar i friluftsliv på naturbruk
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Arbeidsoppgåver
Vi har ledig 100 % årsvikariat som lærar på naturbruk med friluftsliv frå 01.08.25. Undervisninga vil vere i vg1 og vg2 naturbruk med friluftsliv. Mykje av undervisninga vil vere knytt opp til turar, både som dags- og overnattingsturar. Funksjon som kontaktlærar kan verte knytt til vikariatet.Kvalifikasjonar
Relevant fagleg kompetanse i programfaga på naturbruk med friluftsliv.Brei erfaring innan friluftsliv.
Formell kompetanse/sertifikat innan fleire av områda; kajakk, klatring, ski, turleiar, guide og reiseliv vert vektlagt.
Pedagogisk utdanning
Næringslivserfaring er ønskjeleg
Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Personlege eigenskapar
Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapetEr god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste
Arbeider sjølvstendig
Er kreativ og løysingsorientert, med evne til å løyse praktisk oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for lærarar i Vestland FylkeskommuneGode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Torbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4948449230
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Torbjørn Litlere
avdelingsleiar
40488885
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908186
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc65a7f1cb1a429aafc84d47afeddc0b