Tilkallingsvikar elektronisk kontroll
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Kirkegata 2, 6004 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar elektronisk kontroll
Type ansettelse
Engasjement, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Møre og Romsdal friomsorgskontor søkjer etter tilkallingsvikar ved avdelinga for elektronisk kontroll. Arbeidsstad er underkontoret i Ålesund. Me har behov for vikarar som kan stille opp ved fravær og feriar. Stillinga kan egne seg godt for studentar. Tlkallingsvikarar blir tilsette enten som førstekonsulent eller miljøterapeut ut i fra kvalifikasjonar. Straffegjennomføring med fotlenkje - elektronisk kontroll - er gjennomføring av vilkårslaus fengselsstraff, men straffegjennomføringa går føre seg i samfunnet. Ansatte på elektronisk kontroll jobbar turnus og må påregne arbeid på formiddag, kveld og helg. Det forventes at tilkallingsvikarar kan stille på kort varsel og i periodar jobbe opp imot heil stilling. Tjenestestad er ÅlesundArbeidsoppgåver
- vurdere om domfelte er eigna for soning med elektronisk kontroll
- setje i verk, administrere og kontrollere straffegjennomføringa
- må påregne utstrakt kjøring med bil i forbindelse med arbeidsoppgåvene
- leggje til rette for og følgje opp fagleg innhald i straffegjennomføringa
- drive planmessig endringsarbeid i samarbeid med hjelpeapparatet
- kontrollere at vilkår for straffa blir haldne
- møte domfelte både i møter og digitalt
- betjene vakttelefon
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
1408 FørstekonsulentDu må ha- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS eller relevant høgskule- og universitetsutdanning på bachelornivå
- førarkort klasse B
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- gode muntlege engelsk kunnskapar
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- bestått 3 årig videregående skule og relevant yrkeserfaring
- førarkort klasse B
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- gode muntlege engelsk kunnskapar
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- har evne til å motivere til å endre åtferd
- har avgjerdsevne, kreativitet, er fleksibel og har evne til etisk refleksjon
- personlege eigenskaper i tråd med etatens verdiar
er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Stillingane lønas som fystekonsulent (stillingskode 1408) i lønnstrinn 45-60 (kr 466 600- 584 500) og miljøterapeut ( stillingskode 0808) i lønnstrinn 41-51 (443 000- 509 300) Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
- stillingen er p.t. i turnus som innebærer dag, kveld og helgearbeid
- tiltredelse etter avtale.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleder TrudeAarseth tlf. 71 24 66 10 mob. 47 27 23 03
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig