Personleg assistent 65 % vikariat
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Personlig assistent 65 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 65%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har behov for deg som kan bidra som personleg assistent i perioden 01.04.2025-01.04.2026.
Er du hjelpsom, påliteleg og har eit ønske om å gjere ein forskjell i kvardagen til ein annan person? Då kan dette vere jobben for deg!
Stillinga kombinerast med arbeid kvar tredje helg i heimetenestene.
Heimesjukepleien har som hovedmål å forbygge, følge opp, rehabilitere og tilrettelegge for at innbyggarane skal bo i eigen heim så langt det let seg gjere.
Vi yt helsehjelp til brukarar i alle livets faser uavhengig av sjukdom og diagnoser. For å nå vårt mål satsar heimesjukepleien på velferdsteknologiske løsningar i heimen, tverrfaglig samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt å gi helsehjelp fra eit meistringsretta perspektiv.
Arbeidsoppgåver
- Bistå med praktiske oppgåver i kvardagen
- Hjelpe til med personlege gjeremål og omsorg
- Vere eit støttande menneske i ulike situasjonar
- Organisere og administrere daglege aktivitetar
Kvalifikasjonar
- God kommunikasjonsevne og empati
- Erfaring frå liknande arbeid er eit pluss, men ikkje eit krav
- Positiv innstilling og pålitelegheit
- God digital forståelse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidskunnskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig
- Positiv, motivert og ansvarsbevisst
- Tar initiativ, opptrer respektfult og er med på å bygge eit godt arbeidsmiljø
- Rolig og flink til å kommunisere, evner å skape gode relasjonar
- Personleg egnaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Lønn etter tariff
- Sterkt faglig miljø
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven legesenter og heimetenester, +47 47728672Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4933624166
Stillingsprosent: 65%
Vikar
Søknadsfrist: 30.03.2025
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2887532
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d5c5fc4692dd464b957207a6047d42d8