Hopp til innhold

Kunderådgjevar personmarknad Nordfjord - Vikariat

Arbeidsgiver

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Sted

Grandavegen 7, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Kunderådgjevar personmarknad
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Vi er tett på kundane våre, lokalsamfunna våre og dei vala som betyr noko i kvardagen til folk. Det gir oss eit godt utgangspunkt for å gi råd som skaper verdi for kundane våre. 

No ser vi etter ein kunderådgjevar som vil bygge relasjonar, finne gode løysingar og skape verdi for kundane våre. 

Du vil få ansvaret for å ivareta ei etablert kundeportefølje, og vil bli ein viktig støttespelar for kundar gjennom ulike fasar i livet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø i Nordfjord, med arbeidsstad på Sandane. 

Vikariatet varer fram til og med juni 2028, med moglegheit for forlenging.  

Dette skal du jobbe med: 

  • Rådgjeving innan sparing, lån og forsikring 
  • Følge opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje 
  • Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar 
  • Identifisere behov og finne gode løysingar for kundane 
  • Bidra til samarbeid og felles måloppnåing i regionen 

Kven ser vi etter? 

Du trivst i møte med menneske og er opptatt av å skape tillit og gode relasjonar. Du er trygg i dialog med kundar, lyttar til behova deira og finn gode løysingar. 

Vi ser etter ein person som har erfaring med kundedialog, sal eller rådgjeving, og som gjerne har høgare utdanning eller relevant arbeidserfaring. Du tek initiativ, bygjer relasjonar og trivst med å skape resultat saman med andre. Samtidig har du god vurderingsevne, tek eigarskap til eigne oppgåver og ønsker å utvikle deg vidare innan bank, sparing, lån og forsikring. 

Erfaring frå bank, finans eller forsikring er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare. 

Kvifor jobbe hos oss? 

Hos oss får du ansvar for eigne kundar og høve til å bygge verdifull erfaring innan bank og finans. Du får tilgong til ei etablert kundeportefølje frå første dag, god opplæring og moglegheit til å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer. 

Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, der vi samarbeider tett, deler kunnskap og har korte vegar frå idé til handling. 

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er ein stor organisasjon med mange karrierevegar, og eit vikariat kan gi verdifull erfaring og opne dører vidare i banken. 

Har du spørsmål? 

Banksjef Odd Kjetil Tonning svarar gjerne på det du måtte lure på. 

 

Arbeidsstad: Sandane 
Stilling: Vikariat fram til juni 2028 
Søknadsfrist: 27.11.2026 

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter samtykke frå kandidaten. Søkarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest. 

 

Kontaktperson for stillingen

Odd Kjetil Tonning

Baknsjef

481 67 062

odd.kjetil.tonning@ssf.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d474782-55cc-4a06-84a5-363beb0e92b7

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

59a31996184e46979b810f3d03c61919

Lignende annonser

Laster lignende annonser