Sjukepleiar
Sjukepleiar - 100% vikariat - Svelgen omsorgssenter frå snarast og til 31.08.26
Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 4. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter!
Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag.
Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnoser og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. I tillegg får sjukepleiarane våre delta i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod. Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid.
Arbeidsoppgåver
Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
- Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane
- Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
- Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske
- Vurdere og ivareta individuelle behov
- Delta i ressursgrupper og fagutvikling
- Dokumentere, rettleie og undervise
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel
- Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers
- Omstillingsdyktig og løysingsorientert
- Politiattest av nyare dato
- God norskframstilling, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som er:
- Motiverte, engasjert og nysgjerrig
- Sjølvstendig, men glad i samarbeid
- Trygg i møte med menneske, og god til å skape ro og tillit
- Villig til å bruke faget sitt breitt for å gi pasientane best mogleg omsorg
Du møter menneske med ulike sjukdomsbilde og behov, og du må kunne sette deg inn i situasjonane deira med fagleg tyngde – samtidig som du har eit varmt, medmenneskeleg blikk.
Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert lagt stor vekt på. Her får du ikkje berre ein jobb – men ein kvardag der du verkeleg kan utgjere ein forskjell.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5050718777
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d359d8c-81c1-4643-90b4-4822aef7ddc7
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0cbbbd012a1247c19c380dbde4900e92
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sjukepleiar - 100% faste stillingar - Heimesjukepleien Svelgen/Davik
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
Fast 100% stilling som vernepleiar ved Hamretunet
Sted
Svelgen
Arbeidsgiver
100% vikariat som vernepleiar, Hamretunet, Open omsorg
Sted
Svelgen