Kyrkjelydspedagog/ Kyrkjelydsarbeidar
Volda kyrkjelege fellesråd
Rådhusgata 6a, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog/ Kyrkjelydsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1
Volda kyrkjelege fellesråd har ledig stilling
i Volda fellesrådsområdet frå 1. oktober 2023
Vi søkjer etter ein kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbediar som kan vere med på å drive og vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i Volda fellesrådsområde. Stillinga inngår i trusopplæringsteamet saman med kateketen. Kateketen er leiar av undervisningsarbeidet og trusopplæringsteamet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med tilsette og frivillige
- Ta del i konfirmantarbeidet
- Drive rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
- Ta del i samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
- Ta del i møta i trusopplæringsutvalet
Vi søkjer primært etter kyrkjelydspedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning og praksis.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
- Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
- Evne til å skape gode relasjonar
- Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
- Leiarerfaring
- Evne til samarbeid og teamtenking
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Grunnleggande datakunnskap
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
- Moderne kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor
- Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
- Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549
eller via epost: jostein.strabo@volda.kyrkja.no
- Trusopplæringsmedarbeidar Wendi Sund Stråbø på tlf. 95764607
eller via epost: wendi@volda.kyrkja.no
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 15.05.2023
Kontaktinformasjon
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje, 91663549, jostein.strabo@volda.kyrkja.noWendi Stråbø, Trusopplærar, 95764607, wendi@volda.kyrkja.no
Arbeidsstad
Rådhusgata 6a6100 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4653014867
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2023
Om bedriften
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10809 ved årsskiftet og 8240 eller 76% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel.
Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5800), Hornindal (1014),Dalsfjord (590), Kilsfjord (460), Austefjord (274) og Storfjorden (102), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (50% + 20%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2317182
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2a3788ce0f94478881539a1f63f012e