Assistent (skule og SFO)
Tresfjord Enspire Skule
Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skoleassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. august
Send søknad til
Ønsker du å jobbe som sssistent (skule og SFO) på Tresfjord EnSpire skule?
Vårt behovVi har behov for å tilsetje ein assistent (skule og SFO) snarast mogleg i fast stilling. Stillingsprosentbehovet er i utgangspunktet 100 %, men det kan også vere mogleg å få redusert stilling om ein ønsker det. Det er difor viktig at du i søknaden skisserer ønska stillingsprosent.
Skriv gjerne i søknaden når du tidlegast kan starte opp hos oss. Vi har behov allereie frå og med 11. august, men har forståing for om du ikkje kan starte opp allereie då.
Om stillinga ArbeidsoppgåverSom assistent (skule og SFO) hos oss vil du mellom anna ha desse arbeidsoppgåvene og ansvara:
-
Delta aktivt på planleggingsdagar, møter og arrangement for å bidra i fellesskapet.
-
Ta imot elevane, vere til stades og skape eit trygt og godt læringsmiljø.
-
Samarbeide tett med kontaktlærar, SFO og andre tilsette om planlegging og elevoppfølging.
-
Observere og støtte elevane fagleg og sosialt, og gripe inn tidleg ved uro eller konfliktar.
-
Ha ansvar for orden og tilrettelegging i klasserom, fagrom og uteområde.
-
Følgje opp rutinar, HMS, og melde frå om avvik, fråvær eller skadar.
-
Delta på friminuttvakter og vere ein synleg, trygg vaksenperson for alle elevar.
Som tilsett hos oss forventar skulen at du:
-
er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
-
har eit positivt elevsyn, som vil seie at du viser interesse for elevane og møter dei med forståing, respekt og bidrar til å inkludere og motivere alle elevane i skuletida.
-
har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
-
er bevisst eigne haldningar, kroppsspråk og praksis.
-
trygg og tydeleg voksen, og som spør andre tilsette om hjelp og støtte ved behov.
-
ønsker å løfte og utvikle alle elevane sine unike sider og styrker.
Kvalifikasjonar
Legg fram politiattest før tiltreding.
Som tilsett hos oss vil du:
-
vere ein del av eit profesjonsfellesskap av engasjerte og positive tilsette.
-
få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette ved behov.
-
jobbe på ein skule som dyrkar det unike i kvar enkelt elev.
-
ha lønns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lovverk og tariffavtalar.
-
jobbe på ein skule som vektlegg fagleg utvikling hos tilsette, og som legg til rette for og oppfordrar til kompetanseheving, kurs og (vidare)utdanning.
-
vere med på å utvikle skulen.
Det er i utgangspunktet snakk om ei fast stilling, men det kan òg bli moglegheit for eit vikariat i tillegg.
Det er ikkje offentlege søkarlister hos oss.
KontaktOm du lurer på noko, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø via post@tresfjordenspire.no eller 404 07 752 (kontor) / 991 084 42 (mobil).
Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord
Besøksadresse: Neremsvegen 43, Tresfjord
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om arbeidsgiveren
Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil som ligg i Tresfjord i Vestnes kommune.
Vi har kort veg til fjord, fjell og vakker natur. Skulen ligg rett ved den kommunale barnehagen og ungdomsskulen og med kort veg til bygdas daglegvarebutikk. Det er ca. 15 minutt til Vestnes sentrum.
Vi har entreprenørskap som profil, som vil seie at vi skal gi elevane entreprenøriell basiskompetanse, som vil seie at elevane skal kunne evne å sjå moglegheiter og gjere noko med dei.
Vi er i dag 10 tilsette i ulike stillingsstorleikar og -typar, fordelt på skule og SFO. I dag er elevtalet over 50 elevar når vi har gått gjennom søknadane for kommande skuleår. Vi har i dag elevane delt inn i fire elevgrupper: 1.-2., 3.-4., 5.-6. og 7. trinn.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d2c8cab-8aeb-4a65-a4ef-3dd294bd83be
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1d2c8cab-8aeb-4a65-a4ef-3dd294bd83be