Hopp til innhold

Kolltveit skule

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kolltveit skule

Sted

Alebakkane 18, 5360 Kolltveit

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

 Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 225 elevar fordelt på 12 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit om lag 5 minutt med bil vest for Straume. Skulen har dei siste åra hatt lesing og elevane sitt læringsmiljø som hovudsatsingsområde, noko vi har bestemt oss for å halda fast ved framover.

Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

 Arbeidsoppgåver:

  • Leiaransvar og leiaroppgåver knytt til dagleg drift og utvikling av skulen. I det ligg ansvar for vikardrift og oppfølging av vikarar.
  • Avdelingsleiar deltek i skulen sitt leiarteam, og vil ha eit særleg ansvar for 5.-7. trinn.
  • Leiing av skulen sitt utviklingsarbeid saman med resten av skulen sitt leiarteam.
  • Avdelingsleiar vil ha eit særleg koordineringsansvar knytt til elevar med særskilte behov og tilrettelegging utover det ordinære.
  • Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Stillinga er tillagt om lag 40% undervisning, men dette kan variere.
  • Det kan verte aktuelt med rettleiing av nytilsette.
Kvalifikasjonar: Må ha:
  • Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen.
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Ønskjeleg med:
  • Ønskjeleg med leiarerfaring og erfaring med arbeid med utviklingsarbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med born med særlege behov.
  • Ønskjeleg med rettleiingskompetanse
  • Ønskjeleg med  vidarerutdanning i skuleleiing eller vilje til å ta dette
  • Erfaring med læringsmiljøarbeid, på individnivå og systemnivå.
 Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Evne til å handtere travle dager
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Odd Erik Kjeldstad Rektor

                E-post: odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no

                Telefon: 55097600/99645370

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Odd Erik Kjeldstad

+47 99645370 +47 55097602

odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d1f4f5b-6806-4f14-84c7-b37850c3d9c6

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3657271_192685_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser