Lege i spesialisering i medisinsk mikrobiologi
Laboratorieklinikken/ Mikrobiologisk avdeling, Helse Bergen
Jonas Lies veg 87, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Mikrobiologisk avdeling har om lag 120 tilsette, og er mellom dei største mikrobiologiske avdelingane i landet. Avdelinga har ansvar for mikrobiologisk diagnostikk i Helse Bergen og omliggjande kommunar. Avdelinga har seksjonar for prøvemottak, virologi, bakteriologi, molekylærbiologi og medieproduksjon. Ved avdelinga er det 7 overlegar, 3 professorar som arbeider som overlegar i bistilling, og 5 LIS.
Vi har no ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS) i medisinsk mikrobiologi. Oppstartsdato etter nærare avtale. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i diagnostisk arbeid
- Godkjenne prøvesvar
- Rådgje rekvirentar om prøvetaking og prøveresultat
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i medisinsk mikrobiologi
- Det blir lagt vekt på kjennskap til avdelingas virkeområde og/eller erfaring innan medisinsk mikrobiologi
- Det blir lagt vekt på erfaring eller interesse for forsking
- Det blir lagt vekt på god skriftleg dokumentasjonsevne og gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Interesse for medisinske utfordringar knytt til mikrobielle agens
- Interesse for fagutvikling og forsking
- Gode samarbeidsevner
- Likar å arbeide i tverrfaglege team
- Fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå med spennande oppgåver
- Engasjerte kollegaer som er opptekne av kvalitet og framdrift
- Eit positivt og støttande arbeidsmiljø
- Rettleiing fram til ferdig spesialitet i medisinsk mikrobiologi
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elling Ulvestad, Avdelingsoverlege, 55974616Arbeidsstad
Jonas Lies veg 875021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4884945919
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790806
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9f97ff41eae43f19ae310727a637380