Sjukepleiarar ved Meland sjukeheim
Alver kommune
Havnevegen 14 , 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarar ved Meland sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Om stillingane
Vi har for tida ledig fleire sjukepleiarstillingar på dag/kveld og natt ved Meland sjukeheim. Vi kan tilby 100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillingane inngår i turnusarbeid, med arbeidshelg kvar 3. eller 6. helg på dag/kveld, og 3.kvar helg på natt. Totalt arbeidar ein 16 helger i året ved 3.kvar helg, og 9 helger i året ved arbeid kvar 6.helg.
Meland sjukeheim ligg sentralt til på Frekhaug, og er lett tilgjengelig med både buss, båt og bil.
Om avdelinga
Hos oss har vi tre avdelingar, med ulike pasient- og brukar grupper.
Lerketunet:
Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.
Nordgardstunet:
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringa rmed komplekse sjukdomsbilete, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.
Solkroken:
Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 12 sengeplassar, fordelt på 11 pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.
På Meland sjukeheim har vi eigne nattevaktar som ivaretek pasientane på heile Meland sjukeheim. Desse er organisert under avdeling Solkroken.
Arbeidsoppgåver
Som eit prøveprosjekt dei siste månadane har vi innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for heile sjukehiemen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
Vi ber om at du i søknadsteksten skriv kva for ei avdeling du ønskjer å arbeide ved, og om du ønskjer dag/kveld stilling eller nattevaktsstilling.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjendB2– test
Kven er du?
Vi søkjer etter fagleg dyktige sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderand earbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus.
- Valg mellom arbeid kvar 3. eller 6. helg, der 6. kvar helg er eit prøveprosjekt for tilsette på dag/kveld. Turnus for nattevaktar er 3.kvar helg.
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
- Som sjukepleiar på natt får ein 18 000,- funksjonstillegg i 100% stilling.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu- og servicesenter, Meland sjukeheim, Velferdssenteret på Manger og Såta Bu- og Servicesenter i Knarvik. Sjukeheimstenesta har totalt 194 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingarer kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c9ea366-a565-4cae-838e-5fce26b0d8ca
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253903