Fysioterapeut
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 6, 3880 Dalen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Ledig 100% fast stilling og 100% vikariat som kommunefysioterapeut i Tokke kommune
Tokke kommune søkjer ein fysioterapeut i 100% fast stilling frå 18.08.25 og eit 100% vikariat frå 16.06.25 tom. 20.02.26.
Arbeidet i stillingane er knytt opp til kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og frisklivssentralen. Arbeidstida er dagtid, og kommunen har fleksitidsordning.
Kommunen har to 100% kommunale fysioterapistillingar, ein 100% ergoterapeut, samt to fysioterapeutar med 100% og 80% driftstilskot som driv eige institutt.
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune er oppteken av å utvikle fagkompetansen og tenestane i kommunen i tråd med gjeldande lovverk og at tenestane treff innbyggjarane sine behov. Som fysioterapeut vil ein ha ei sentral rolle i mellom anna utvikling av rehabiliteringstilbodet, frisklivssentralen og prosjekt innan barn og unge.
Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og kommunen har eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Arbeidsoppgåver
• Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjarar
• Utføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar
• Gruppetilbod i kommunen: sirkeltrening, bassengtrening, bekkenbotn og barselstyrketrening og balanse- og styrketreningsgruppe for eldre heimebuande
• Individuelle oppfølgingar i kommunen: barn og unge gjennom helsestasjon, skule inkl. vidaregåande, tilbod frå frisklivssentralen, rehabiliteringspasientar på korttid og institusjon, kvardagsmestring og rehabilitering av heimebuande eldre som ikkje kan dra til institutt.
• Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
Kvalifikasjonar
• Godkjent norsk autorisasjon som fysioterapeut
• Ynskjeleg med erfaring med kommunal fysioterapi og leiing av ulike treningsgrupper
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
• Førarkort klasse B – tenesta har eigen arbeidsbil
• God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
• Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 63880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4971542551
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945152
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9992423984944621927cfd2810149a52