ID 2335 Miljøarbeidarar/Pleiemedhjelparar i avdeling Kåreviksmarkjo - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider helse- og omsorg
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 13-50%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Hausten 2025 skal Stord kommune opne eit nytt bufellesskap for personar med funksjonsnedsettingar i Kåreviksmarkjo. Her skal det bu 7 aktive, unge menneske som treng bistand i kvardagen.
Me ønskjer å setja saman eit godt lag av tilsette som vil vere med å bygge opp ei ny avdeling. Me treng tilsette med ulik kompetanse og erfaring. Stillingane er i turnus med ein stor del kveldsvakter og vil ha arbeid anten kvar tredje eller kvar fjerde helg.
Avdelinga har ledig fast 50% stilling og 5 faste helgestillingar for miljøarbeidar eller pleiemedhjelparar.Stillingane har arbeid anten kvar tredje eller kvar fjerde helg, og helgestillingane varierer i stillingsstorleik mellom 13 og 25%.Helgestillingar er godt eigna for studentar i helsefag.
Miljøarbeidar/pleiemedhjelpar har ansvar for:-
Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter rettleiing frå fagpersonale, og etter fagleg standard
-
Miljøarbeidarar skal rettleia anna personale i høve eige fag
-
Følgja opp andre tildelte oppgåver
-
Dela eiga kunnskap med alle kollegaer, elevar og studentar
-
Førebyggja og identifisera bruk av <<tvang og makt>>
-
Halda høg etisk standard i avdelinga
-
Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
-
Utføra og følgja opp andre tildelte oppgåver
-
Autorisert helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, student innan helsefag eller pleiemedhjelpar med erfaring og/eller interesse for arbeid med brukargruppa.
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr
-
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson; Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1c7cad2b-ce98-4ab9-a168-dbb3574daf96