Vi søkjer etter personvernombod
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
3115 Tønsberg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Personvernombod
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein dyktig jurist til rolla som personvernombod. Du vil gi råd og rettleiing både til leiinga og dei tilsette om personvern, følgje opp etterleving av regelverket og vere kontaktpunkt for registrerte og Datatilsynet. Vi søkjer deg som har god kunnskap om personvernregelverket, som likar å gi råd og tilrådingar, og som er flink til å byggje tillit.
Du skal:
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ynskjer at du har:
Vilkår (stillingskode og løn)
Fast stilling som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 790 000 til kr 900 000, avhengig av kompetanse og erfaring.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stillinga, må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Avdeling for juridisk og tryggleik (JSI) bistår heile DSB og består av to seksjonar: juridisk seksjon (JUR) og seksjon for tryggleik og drift (SID). Avdelinga har eit særskilt ansvar for oppgåver innan det juridiske området og det førebyggjande tryggleiksarbeidet, i tillegg til drift av DSB sitt hovudkontor.
Juridisk seksjon består i dag av 16 dyktige og engasjerte medarbeidarar som gir juridisk støtte til heile DSB. Seksjonen har eit særskilt ansvar for oppgåver knytt til DSB sitt regelverksarbeid, forvaltningsrett, offentleglova, anskaffingar, EU/EØS og internasjonal rett, samt sivilbeskyttelseslova/folkeretten. Seksjonen skal, med sitt juridiske fagmiljø, bidra til å styrke kvaliteten på og sikre ein einskapleg tilnærming til DSB sine juridiske leveransar, både når det gjeld regelverk og anna sakshandsaming. Seksjonen har òg ansvar for DSB si eigedomsforvaltning.
Kulturen og arbeidsmiljøet vårt er prega av ein uformell tone, høgt tempo og kollegaer som spelar kvarandre gode.
Personvernombodet rapporterer til direktøren i DSB og har ei uavhengig rolle i verksemda i utføringa av oppgåvene sine. Personvernombodet skal ha ein risikobasert tilnærming til arbeidet, og skal sjølv prioritere og disponere tida si innanfor dei ressursane som er tildelt rolla.
Stillinga er plassert i juridisk seksjon. Ombodsfunksjonen utgjer om lag 60 % av stillinga, medan dei resterande 40 % blir nytta til å ivareta andre oppgåver i juridisk seksjon. Dette omfattar mellom anna oppgåver knytt til utarbeiding av regelverk, juridiske utgreiingar, generell kvalitetssikring av ulike leveransar og juridisk rådgiving innan KI, datadeling og informasjonstryggleik. Stillinga er plassert i juridisk seksjon for å vere del av eit større juridisk fagmiljø, og har seksjonssjefen i juridisk seksjon som næraste leiar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
seksjonssjef Ingvild Martinsen: e-post ingvild.martinsen@dsb.no |telefon 33 37 33 11
assisterende direktør Elisabeth Askim: e-post elisabeth.askim@dsb.no |telefon 33 41 25 60
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Du skal:
- informere og gi råd og tilrådingar om korleis DSB best kan etterleve personvernlovgivinga
- arbeide systematisk med å etablere og vidareutvikle DSB sitt arbeid med personvern på tvers av verksemdsområda
- gjennomføre opplæring av leiarar og medarbeidarar for å styrkje kompetansen
- kontrollere og følgje opp verksemda si etterleving av krav som følgjer av lover, forskrifter og avtalar
- bidra i vurderingar av personvernkonsekvensar (DPIA) og handtering av eventuelle avvik
- samarbeide med Datatilsynet for å sikre at DSB tek vare på personverninteressene, og legg til rette for at tilsynet får nødvendig informasjon for å utføre kontrolloppgåver
- bistå med andre oppgåver i DSB si juridiske seksjon, inkludert regelverksarbeid, juridiske utgreiingar og kvalitetssikring
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- master i rettsvitskap/ cand.jur. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- god kunnskap om personvernregelverket
- interesse for digitalisering, deling og bruk av data, informasjonstryggleik og bruk av kunstig intelligens (KI)
- kunnskap om KI-forordninga
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjonsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
- evne til å etablere tillit i ein stor og samansett kompetanseorganisasjon
- løysings- og samarbeidsorientert
- strukturert og analytisk
Vi ynskjer at du har:
- erfaring som personvernombod, inkludert på DPIA, risikovurderingar og handtering av avvik ved brot på personopplysningssikkerheita
- erfaring frå offentleg forvaltning, inkludert god kjennskap til forvaltningslova og offentleglova
- kunnskap om KI-teknologi, digital sikkerheit og informasjonstryggleiksstyring
- erfaring med utgreiingsarbeid
- erfaring frå å utarbeide regelverk
- erfaring med kvalitetssikring av juridisk arbeid
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- erfaring frå undervisning og opplæring
Vilkår (stillingskode og løn)
Fast stilling som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 790 000 til kr 900 000, avhengig av kompetanse og erfaring.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stillinga, må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Avdeling for juridisk og tryggleik (JSI) bistår heile DSB og består av to seksjonar: juridisk seksjon (JUR) og seksjon for tryggleik og drift (SID). Avdelinga har eit særskilt ansvar for oppgåver innan det juridiske området og det førebyggjande tryggleiksarbeidet, i tillegg til drift av DSB sitt hovudkontor.
Juridisk seksjon består i dag av 16 dyktige og engasjerte medarbeidarar som gir juridisk støtte til heile DSB. Seksjonen har eit særskilt ansvar for oppgåver knytt til DSB sitt regelverksarbeid, forvaltningsrett, offentleglova, anskaffingar, EU/EØS og internasjonal rett, samt sivilbeskyttelseslova/folkeretten. Seksjonen skal, med sitt juridiske fagmiljø, bidra til å styrke kvaliteten på og sikre ein einskapleg tilnærming til DSB sine juridiske leveransar, både når det gjeld regelverk og anna sakshandsaming. Seksjonen har òg ansvar for DSB si eigedomsforvaltning.
Kulturen og arbeidsmiljøet vårt er prega av ein uformell tone, høgt tempo og kollegaer som spelar kvarandre gode.
Personvernombodet rapporterer til direktøren i DSB og har ei uavhengig rolle i verksemda i utføringa av oppgåvene sine. Personvernombodet skal ha ein risikobasert tilnærming til arbeidet, og skal sjølv prioritere og disponere tida si innanfor dei ressursane som er tildelt rolla.
Stillinga er plassert i juridisk seksjon. Ombodsfunksjonen utgjer om lag 60 % av stillinga, medan dei resterande 40 % blir nytta til å ivareta andre oppgåver i juridisk seksjon. Dette omfattar mellom anna oppgåver knytt til utarbeiding av regelverk, juridiske utgreiingar, generell kvalitetssikring av ulike leveransar og juridisk rådgiving innan KI, datadeling og informasjonstryggleik. Stillinga er plassert i juridisk seksjon for å vere del av eit større juridisk fagmiljø, og har seksjonssjefen i juridisk seksjon som næraste leiar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
seksjonssjef Ingvild Martinsen: e-post ingvild.martinsen@dsb.no |telefon 33 37 33 11
assisterende direktør Elisabeth Askim: e-post elisabeth.askim@dsb.no |telefon 33 41 25 60
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c567849-5ae5-4493-806e-ebfdd48bff6f
- Hentet fra
sap
- Referanse
1259 1810VETR peronvernomb