ID 2357 Sjukepleiar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Me har no ledig stilling som sjukepleiar ved avdeling Vikjo. Dette er ei avdeling med plassar for sjukeheimspasientar med utfordringar knytt til psykisk helse og meir. Som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.
Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar eller vernepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.
Det er ledig fast 100% stilling for autorisert sjukepleiar ved Stord sjukeheim, i 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg .Det kan verta mogleg med langvakter 13,5 time og kvar 4. helg.
Arbeids- og ansvarsområde:Du vil få ta del i og ha ansvar for
-
Samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
Målretta miljøarbeid
-
Tilrettelegging for kvardagsmeistring
-
Tiltak, evaluering og dokumentering
-
Styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
Hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.
-
samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
Sjukepleieprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar, tett samarbeid med lege/andre instansar
-
Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
Legemiddelhandtering
-
Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
Faste sjukepleiarmøter og fellesskap med resten av sjukepleiargruppa i eininga
-
Vere ein del av ei eining med mange spesialsjukepleiarar som vegleiar innan sår, demensomsorg, kreftsjukepleie, geriatri, psykiatri og leiing
Me vil vektlegga:
-
Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
-
Brukarorientert tilnærming
-
Evne til å vera nyskapande i arbeidet
-
Gjerne erfaring frå geriatri og psykisk helse og rus
-
Autorisert sjukepleiar
-
Det er ei føremun med erfaring innan geriatri
-
Meistre norsk skriftleg og munnleg.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510/92486358 eller 92486358 Avdelingsleiar Tina Dale Nilsen 53454506/ 90606423
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c4fba27-1956-4db1-ba50-c7c25c83757f
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1c4fba27-1956-4db1-ba50-c7c25c83757f